Badeand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Badeand flytande i ein bolle vatn.

Badeand er eit leiketøy som liknar ein andunge, laga av gummi eller gummiliknande plastmateriale. Vanlegvis er badeanda laga for å kunne flyte, og er tenkt nytta til å leike med i eit badekar.

Medan den klassiske badeanda er gul med raudt nebb og er laga for å vere ei leike for born, kjem det no ender i mange former og fargar. Desse har vorte populære samleobjekt hjå entusiastar.

Badeand-konkurransar har vorte arrangerte av humanitære organisasjonar: Støttespelarane «kjøper» badeender, som så vert sette ut i ei elv saman med dei mange konkurrerande endene. Denne praksisen har etter kvart minka litt, grunna miljøvernarar som påpeikar ringverknadene forsøplinga påførar vassdraga.

I 1992 vart ein containar som inneheldt 29 000 badeender mista over bord frå eit fraktskip i Stillehavet. Vind og havstraumar førte tusenvis av badeender til strendene i Alaska, og nokre hundre heldt fram gjennom Beringstredet, der dei innhylla av arktiske ismassar driv over Nordpolen. Badeender frå dette partiet har mange år seinare vorte funne på strender langs atlanterhavskysten til USA frå Maine til Massachusetts, og gjev ny og verdifull kunnskap om havstraumane. Badeendene har synt seg å kunne halde seg flytande trass i å ha vorte utsett for naturkrefter i ei årrekkje, ettersom dei er laga for å tole å verte gnaga på av barnetenner.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]