Baden-Baden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baden-Baden
Stiftskirche i Baden-Baden
Stiftskirche i Baden-Baden
Stiftskirche i Baden-Baden
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Baden-Baden
Baden-Baden is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Karlsruhe
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

140,21 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

52 585
  375/km²
Koordinatar 48°46′0″N 8°14′0″EKoordinatar: 48°46′0″N 8°14′0″E
Høgd over havet 161 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 76530–76534
Telefon-retningsnummer 07221, 07223
Bilnummer BAD
Heimeside: www.baden-baden.de

Baden-Baden er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 52 000 innbyggjarar. Byen ligg på vestsida av Schwarzwald ved breidda av elva Oos i landkreisen Karlsruhe.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kjeldene i Baden-Baden var kjende alt for romarane og grunnlegginga av byen referer til keisar Hadrian i ein inskripsjon, som er noko tvilsam. Staden fekk namnet Aurelia Aquensis til ære for Aurelius Severus. Det er framleis mogeleg å sjå bitar av dei antikke skulpturane i byen, og i 1847 vart restane av eit godt bevart romersk dampbad oppdaga like nedanfor Neues Schloss.

Byen vart kalla Baden i mellomalderen. Frå 1300-talet til slutten av 1600-talet var Baden-Baden residens for markgrevane av Baden, som gav namn til byen. Dei budde først i Schloss Hohenbaden (det gamle slottet), som ein kan sjå ruinane av på ein ås over byen, men i 1479 flytta dei til Neues Schloss, som ligg i ei åsside nærmare byen, og som er kjend for den underjordiske fangekjellaren. Under trettiårskrigen vart Baden-Baden hardt råka, særleg av franskmennene som plyndra byen i 1643 og brende han til grunnen i 1689. Markgreven Ludvig Vilhelm flytta til Rastatt i 1706.

I 1931 fekk byen offisielt det doble namnet Baden-Baden (ei kort form av «Baden i (delstaten) Baden»). Byen slapp unna utan øydeleggingar under begge verdskrigane. Under den andre verdskrigen låg det ein underavdeling av Flossenburg konsentrasjonsleir i byen.[1] Etter krigen vart Baden-Baden hovudkvarter for dei franske okkupasjonsstyrkane i Tyskland og ein leir for tvangsflytta folk.

Den russiske forfattaren Fjodor Dostojevskij skreiv «Igrot» (Spelaren) medan han var avhengig av å spele på Baden-Baden Casino.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christine O'Keefe.Concentration Camps. www.tartanplace.com/tartanhistory/concentrationcamps.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Baden-Baden