Bahá'u'lláh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme
Indoiranske religionar
parsisme - hinduisme
djainisme - buddhisme
sikhisme - bahá’í
Haifa-Bahai.jpg
Denne artikkelen er
del av serien om

Bahá’í
Sentrale personar
Báb - Bahá'u'lláh
Abdu'l-Bahá - Shoghi Effendi
Skrifter
Kitáb-i-Aqdas
Kitáb-i-Iqan
Livsførsel
kalender
fastemånaden
dagleg bøn
huqu'u'llah (religiøs skatt)
syn på rusmiddel
paktsbrytarar (bannlyste)
ekteskap - gravferd
Heilage stader
Qiblih
Haifa - Shiraz - Bagdad
gudshus
Andre retningar
babisme - ortodoksi

Bahá'u'lláh (12. november 181729. mai 1892) var grunnleggjaren av bahá'í-religionen. Det opphavlege namnet hans var Mirza Husayn-Ali Núri, men han tok det arabiske namnet Bahá'u'lláh som tyder Guds herlegdom. Bahá'u'lláh blir i bahá'í-religionen rekna for å vera Guds bodberar for menneskja i dag.

Passbildet til Bahaullah.

Mirza Husayn-Ali Núri var fødd i Teheran i Iran. Han var ein tilhengjar av Báben, som grunnla religionen babisme. Ein av læresetningane i religionen var at «han som Gud skal syna fram» skal sameina alle menneske og religionar.

I 1863 i Bagdad openberra Bahá'u'lláh seg som den utvalde, som babismen, og etter hans syn alle andre tidlegare religionar, hadde lova. Han skreiv brev til kongar og presidentar og formana dei om å leggje bort konfliktar og usemje og minske skattebyrda for dei fattige. Han bad dei komma saman til ein stor konferanse for å leggje fundamentet for «den største freden». Da dei ikkje lydde boda hans, erklærte han at dei kjem til å miste rikdommane sine. Krigar og katastrofer skal fortære land og område føre verdas likevekt blir oppnådd.

Bahá'u'lláh vart landsforvist frå Persia (noverande Iran) i 1850-åra, og reiste gjennom noverande Irak og Tyrkia i Det osmanske riket til Akko i det noverande Israel), der han døydde i 1892.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste boka hans, Kitáb-i-Aqdas (Den heilagaste boka), inneheld 190 vers med utførlege kommentarar. Denne boka blir i Bahá’í-trua rekna som verdenscharteret for menneskja. Andre sentrale bøker er Kitáb-i-Iqan (Boka av vissheiter) og Dei skjulte ord (utgjeve posthumt). Ein del av bøkene hans er omsette til norsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]