Baise i Guangxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baise i Guangxi

Baise (hanzi 百色, pinyin Bǎi Sè, tidlegare Bósè) er eit byprefektur i den autonome regionen Guangxi i Folkerepublikken Kina.

Baise ligg nordvest i Guangxi og grensar til provinsane Guizhou og Yunnan, og til Vietnam. Prefekturet ligg midt mellom tre sørvestkinesiske administrasjonshovudstadar, Nanning, Kunming og Guiyang. Av arealet på 3 726 km² er meir enn 55% skog.

Klimaet i Baise er tropisk, og det ligg i monsunområdet. Den årlege nedbøren er gjennomsnittleg på 1115 mm, og snittemperaturen er 22 °C.

Baise vart grunnlagt i 1730.

Administrative einingar[endre | endre wikiteksten]

Baise omfattar eitt bydistrikt, 11 fylke og eitt autonomt fylke.

Bydistrikt:

Fylke:

Autonomt fylke:

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folkesgruppene zhuang, han, yao, hui og miao er dei mest talrike i prefekturet.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Baise er ein av dei viktigaste produsentane av aluminium i Kina, med både gruvedrift, foreidling og produksjon av aluminiumsprodukt. Det tropiske klimaet legg til rette for stor fruktproduksjon. Ellers er trevirke og treprodukt viktige og der er også petroleum, naturgass, kopar og kvarts. Baise er også den tredje største vasskraftprodusenten i Guangxi med ein årleg produksjon på fem millionar kilowatt.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Området har ven natur.[treng kjelde] Dei skogdekte fjellområda i Baise har mange plante- og dyreslag. Grensetraktene er blant dei minst utvikla delane av Kina. Dette, saman med det etniske mangfaldet, har vore gunstig for utviklinga av turistnæringa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!