Bajkalfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjella og innsjøen på sommaren, sett frå Bolsjije Koty på sørvestsida av innsjøen.

Bajkalfjella (russisk Байкальский хребет, Bajkalskij khrebet) er ei fjellkjede som stig bratt opp frå nordvestsida av Bajkalsjøen sør i Sibir i Russland[1] Det sentrale sibirske platået grenser i sør til dei austlege Sajanfjella og Bajkalfjella.

Elva Lena har kjelda si i Bajkalfjella. Fjella omkring Bajkalsjøen er skogkledd med gråor, osp, dunbjørk, sibirlerk, sibiredelgran, furu og sibirfuru.[2]

Den høgaste toppen er Tsjerskij (2572 moh) kalla opp etter den polske oppdagaren Jan Czerski.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biakado-Lensky. Center for Nature Conservation - Wild Russia. Vitja 2. september 2008.
  2. Images of the Baikal from various sources. Vitja 2. september 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 54°00′N 108°00′E