Bajkalsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bajkalsjøen
Bajkalsjøen - Shamansteinen på øya Olkhon
Shamansteinen på øya Olkhon
Bajkalsjøen -
Koordinatar Koordinatar: 53°30′N 108°12′E
Type innsjø Riftsjø
Tilsig Selenga, Tsikoj, Khilokh, Uda, Barguzin, Øvre Angara
Utsig Angara
Tilsigsområde 560 000 km²
Største lengde 636 km
Største breidde 79 km
Overflateareal 31 494 km²
Middeldjupne 758 m
Vassvolum 23 600 km³
Hydraulisk opphaldstid 350 år
Kystlengd1 2100 km
Høgd over havet 456 moh
Tilfryst Januar–mai
Øyar 22 (Olkhon)
Busetnadar Irkutsk
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Bajkalsjøen (russisk: О́зеро Байка́л, Ozero Bajkal; burjatisk Байгал нуур Bajgal nuur) er ein innsjø i det sørlege Sibir i Russland, mellom Irkutsk oblast i nordvest og Burjatia i søraust, nær Irkutsk. Han vert òg kalla «Det blå auge i Sibir».

Med eit djup på 1637 meter er han den djupaste innsjøen i verda[1] og den største innsjøen i verda ut frå volum. Innsjøen inneheld om lag 20 % av det totale ferskvatnet som finst på jordoverflata.[2]

Som Tanganyikasjøen er Bajkalsjøen forma i ein eldgamal riftdal og er derfor lang og halvmåneforma med eit overflateareal på 31 500 km². Bajkal har over 1700 dyre- og planteartar og to tredjedelar av desse finst ingen andre stader i verda.[3] og vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 1996.[4] Med ein alder på over 25 millionar år er han den eldste innsjøen i verda.[2]

Geografi og hydrografi[endre | endre wikiteksten]

Halvøya Svjatoj Nos.

Bajkalsjøen vart kalla «Nordsjøen» i historiske kinesiske tekstar. Han låg då i Xiongnu-området og særs lite var kjend om innsjøne før den transsibirske jarnvegen vart bygd i området mellom 1896 og 1902. Den naturskjønne jernbanen som går rundt Bajkalsjøen krev 200 bruer og 33 tunnelar. Då han vart bygd vart det utført ei stor hydrografisk kartlegging av F.K. Drizjenko som gav dei første detaljerte karta av djupet til Bajkal. Kartlegginga viste at Bajkalsjøen inneheld meir vatn enn alle Dei store sjøane i Nord-Amerika til saman - 23 600 km³, eller om lag ein femtedel av det samla flytande ferskvatnet på jordoverflata.[5] Alderen og den isolerte plasseringa gjer at innsjøen har noko av det rikaste og mest uvanlege dyrelivet i verda, noko som gjev han stor verdi for utforsking av evolusjon.[2]

Bajkalsjøen ligg i ein riftdal danna av Bajkal riftsone, der to jordskorpeplater dreg frå kvarandre.[6]. Med ei lengd på 636 km og ei breidd på opp mot 79 km er Bajkalsjøen den største ferskvassinnsjøen i Asia (31 494 km²) og er den djupaste innsjøen i verda (1637 m). Botn av innsjøen ligg 1371 meter under havnivå, men under dette ligg 7 km med sediment, og botn av rifta er dermer 8-9 km under overflata, den djupaste kontinentalrifta på jorda.[6]. Geologisk sett er rifta ung og aktiv, og han utvidar seg med to centimeter i året. Forkastingssona er òg seismisk aktiv. Det er varmekjelder i området og merkbare jordskjelv med få år mellom. Innsjøen drener ut i Angaraelva, som er ei sideelv av Jenisej.

Nedslagsfeltet til Jenisej, Bajkalsjøen og busetnadane Dikson, Dudinka, Turukhansk, Krasnojarsk, Irkutsk.

Alderen på innsjøen er estimert til 25-30 millionar år, noko som gjer han til ein av dei eldste innsjøane i geologisk historie. Han er unik av dei store innsjøane på høgare breidder fordi sedimenta i innsjøen ikkje har vorte rørt av kontinental isbrear. Amerikanske og russiske studiar av sedimenta i 1990-åra gav detaljerte data om klimavariasjonar dei siste 250 000 åra. Det er planlagt å bore djupare i sedimenta for å sjå lenger tilbake. Bajkalsjøen er òg den einaste ferskvassjøen der ein finn direkte og indirekte spor på gasshydrat.[7][8][9]

Innsjøen er fullstendig omgjeve av fjell. Bajkalfjella på nordsida og taigaen her er verna som ein nasjonalpark. Bajkalsjøen inneheld 22 øyar og den største av desse er Olkhon, som er 72 km lang. Denne øya er den fjerde største øya i ein innsjø i verda. Innsjøen får vatn frå om lag 330 elvar.[10] Dei største som renn direkte ut i Bajkalsjøen er Selenga, Barguzin, Øvre Angara, Turka, Sarma og Snezjnaja. Han har berre eitt utløp, elva Angara.

Trass i at han er så djuå, er vatnet i innsjøen godt blanda og oksygenrikt, samanlikna med lagdelinga ein finn i vassmassar som Tanganyikasjøen og Svartehavet.

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Omul-fisk på marknaden i Listvjanka.

Det biologiske mangfaldet i Bajkalsjøen er det berre få andre innsjøar som kan vise til. Bajkalsjøen inneheld 1085 planter og 1550 dyreartar og variantar. Over 80 % av dyra er endemiske. Epischura baikalensis er endemisk for Bajkalsjøen og det dominerande dyreplanktonet her o gutgjer 80 til 90 % av den totale biomasse.[11] Bajkalselen eller nerpa (Phoca sibirica) finst i heile Bajkalselen. Det finst berre tre ferskvassel i heile verda, og dei to andre er underartar av ferskvassringsel. Kanskje den viktigaste lokale arten er omul (Coregonus autumnalis migratorius), ein liten endemisk laksefisk. Han vert fiska, røykt og seld på marknader rundt innsjøen.

Andre merkverdige artar er golomjanka eller bajkaloljefisk (Comephorus baicalensis og C. dybowskii). Desse langfinna, gjennomsiktige fiskane lever vanlegvis i djup på 200 til 500 meter og er den største matkjelda til bajkalselen, og utgjer den største fiskemassen i innsjøen. Dei er kjend fordi fisken løyser seg opp til olje og bein om han vert utsett for sollys. Bajkalharren (Thymallus arcticus baicalensis), ein rasktsvømmande laksefisk, er ein populær fisk å prøve å ta hos sportfiskarane. Både denne og bajkalstøren (Asipenser baerri baicalensis) er begge endemiske artar med kommersiell verdi.

Bjørn og hjort er vanlege langs breidda av Bajkalsjøen.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Fleire organisasjonar held på med forskingsprosjekt rundt Bajkalsjøen. Dei fleste av dei er statsstyrte eller tilknytt statlege organisasjonar. Det bajkalske forskingssenter er ein sjølvstendig forskingssorganisasjon som forskar på Bajkalsjøen.[12]

I juli 2008 sende Russland to små ubåtar, Mir-1 og Mir-2 ned til 1580 meter på botn av Bajkalsjøen for å gjere geologiske og biologiske testar av det unike økossytemet.

Nøytrinoteleksop i Bajkalsjøen[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1993 er det forska på nøytrinoar med eit undervassteleskop (BDUNT) i Bajkalsjøen. Teleskopet vart bygd over fleire år frå 1995 til 1998 i eit djup på 1100 meter og består av 192 optiske modular. Her har ein danga inn 320 millionar muonar for å velje ut nøytrinohendingar.[13]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen om vinteren sett frå turiststaden Listvjanka.Isen er tjukk nok til å bere folk og snøscooterar.

Innsjøen vert kalla «Perla i Sibir» og under dei økonomiske oppgangstidene i Russland auka turistindustrien i ormådet.[14] Viktor Grigorov sitt selskap Grand Baikal i Irkutsk er ein av investorane som har planlagd tre hotel som vil skape 570 arbeidsplassar. I 2007 erklærte den russiske regjeringa ei spesiell økonomisk sone. Den populære fereistaden Listvjanka har fleire hotel. Bajkalsjøen vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 1996. Rosatom har planar om å byggje laboratorium i Bajkal i samband med eit internasjonal uranverk og skape 2000 arbeidsplassar i byen Angarsk.[15]

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

Bajkalsk cellulose- og papirfabrikk[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen om sommaren sett frå Bolsjije Koty på sørvestkysten.

Bajkalsk cellulose- og papirfabrikk vart bygd i 1966 like ved strandlinja. Fabrikken bleiker papiret med klor og slepp ut avfallet i Bajkalsjøen. Trass i mange protestar er fabrikken framleis i drift på same vis. Miljøaktivistar prøver no å få fabrikken til å reinse avfallet i staden for å legge ned fabrikken fordi han gjev verdifulle arbeidsplassar.[16]

Den planlagde Austsibir-Stillehavs-røyrleidninga[endre | endre wikiteksten]

Det russiske oljerøyrleidningsselskapet Transneft[17] planla å byggje ein røyrleidning berre 800 meter frå innsjøen i eit område med mykje seismisk aktivitet. Miljøaktivistar i Russland[18], Greenpeace, motstandarar mot Bajkalrøyrleidninga[19] og lokale innbyggjarar[20] gjorde sterk motstand mot desse planane på grunn av dei store konsekvensane eit eventuelt oljesøk ville fått for miljøet. Det var først når den russiske presidenten Vladimir Putin gav selskapet ordre om ei alternativ rute 40 km lenger nord for å unngå ein slik økologisk risiko at Transneft gjekk med på å endre planane sine.[21]

Arbeidet på røyrleidningen tok til to dagar president Putin gav løyve til endringa av ruta bort frå Bajkalsjøen.[22]

Planlagt atomkraftverk[endre | endre wikiteksten]

I 2006 annonserte dei russiske styresmaktene planane om å byggje den første internasjonale urananrikingssenteret i verda ved eit eksisterande atomverk i Angarsk, 95 km frå kysten av Bajkalsjøen. Planane har derimot fått kritikk på grunn av konsekvensane eit eventuelt uhell kan få for området.[23]

Etter at uranet er anrikt, vert berre 10 % av det radioaktive materialet sendt til kundar i utlandet,[23] medan 90 % vert lagra i Bajkalregionen. Avrenning frå uranet er radioaktivt og giftig og særs farleg for menneske og dyr, og kan forureine elvar og innsjøar.[23]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Deepest Lake in the World. geology.com. Vitja 16. august 2008.
  2. 2,0 2,1 2,2 U.S. Geological Survey Fakta om Bakjalsjøen - A Touchstone for Global Change and Rift Studies, Juli 1993 - vitja 16. august 2008
  3. «Russia.» Britannica Student Encyclopedia. 2007. Encyclopædia Britannica Online. [1]
  4. Lake Baikal — World Heritage Site. World Heritage. Vitja 16. august 2008.
  5. Lake Tahoe and Lake Baikal Watersheds. Tahoe-Baikal Institute. Vitja 16. august 2008.
  6. 6,0 6,1 The Oddities of Lake Baikal. Alaska Science Forum. Vitja 16. august 2008.
  7. Kuzmin, M.I., et al., 1998. First find of gas hydrates in sediments of Lake Baikal. Doklady Adademij Nauk, 362: 541–543 (russisk).
  8. Vanneste, M., et al., 2001. Multi-frequency seismic study of gas hydrate-bearing sediments in Lake Baikal, Siberia. Marine Geology, 172, 1–21.
  9. Van Rensbergen, P., et al., 2002. Sub-lacustrine mud volcanoes and cold seeps caused by dissociation of gas hydrates in Lake Baikal. Geology, 30(7), 631–634.
  10. Lake Baikal: the great blue eye of Siberia. CNN.com. Vitja 16. august 2008.
  11. Зоопланктон в экосистеме озера Байкал / О Байкале.ру — Байкал. Научно и популярно
  12. Baikalian Research Centre (ANO) (russisk). www.lakebaikal.net. Vitja 16. august 2008.
  13. Baikal Lake Neutrino Telescope. Baikalweb (6. januar 2005). Vitja 16. august 2008.
  14. Tom Esslemont (2007). 'Pearl of Siberia' draws investors. BBC News. Vitja 16. august 2008.
  15. BBC NEWS, 'Pearl of Siberia' draws investors
  16. Sacred Land Film Project, Lake Baikal.
  17. Transneft Transneft. Transneft. Vitja 16. august 2008.
  18. Baikal Environmental Wave. Vitja 16. august 2008.
  19. Baikal pipeline. Vitja 16. august 2008.
  20. The Right to Know: Irkutsk Citizens Want to be Consulted. Vitja 16. august 2008.
  21. Putin orders oil pipeline shifted (26. april 2006). Vitja 16. august 2008.
  22. Work starts on Russian pipeline (28. april 2006). Vitja 16. august 2008.
  23. 23,0 23,1 23,2 Saving the Sacred Sea: Russian nuclear plant threatens ancient lake

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bajkalsjøen