Kosmodrom Bajkonur

Koordinatar: 45°6′N 63°3′E / 45.100°N 63.050°E / 45.100; 63.050
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bajkonur-kosmodromen)
Kosmodrom Bajkonur

Opna1955
Kart
Kosmodrom Bajkonur
45°57′53″N 63°18′18″E / 45.9648°N 63.3051°E / 45.9648; 63.3051

Kosmodrom Bajkonur (russisk Космодром Байконур), òg kalla Tjuratam, er den største og eldste fungerande rakettoppskytingsbasen i verda. Han vart opphavleg bygd som eit sovjetisk romsenter og er no under russisk kontroll, sjølv om det ligg i Kasakhstan. Basen ligg om lag 200 km aust for Aralsjøen, på den nordre breidda til elva Syr-Darja, nær byen Bajkonur i den sør-sentrale delen av Kasakhstan.

Namnet «Bajkonur» vart valt for å lure Vesten til å tru at området låg nær ein gruveby om lag 320 km nordaust for romfartssenteret, i ørkenområdet nær byen Dzjezkazgan.

Bajkonur var det viktigaste anlegget i Sovjetunionen sitt romprogram frå slutten av 1950-åra og igjennom 1980-åra. Kosmodromen har alt av nødvendig utstyr som ein treng for oppskyting av både bemanna og ubemanna romfartøy. Bajkonur husar rakettane Sojuz, Proton, Tsyklon, Dnepr og Zenit. Stasjonen har òg ei viktig rolle i drifta av Den internasjonale romstasjonen (ISS).

Flybilete av Bajkonur-anlegget.
Kart som peiker ut Bajkonur i Kasakhstan.

Romsenteret vart offisielt grunnlagd 2. juni 1955. Det vart opphavleg bygd for oppskyting av langdistansemissilar og vart seinare utvida til òg å handsame romrakettar. I nærleiken av basen voks ein by opp med leilegheiter, skular og forretningar for dei som arbeida på romsenteret. I 1966 fekk han bystatus og vart døypt Leninsk, men i 1995 vart han omdøypt til Bajkonur av Boris Jeltsin.

Mange historiske romferder er starta frå Bajkonur: Den første kunstige satellitten, Sputnik 1, vart sendt opp den 4. oktober 1957, den første bemanna romferda med Jurij Gagarin den 12. april 1961, og den første kvinna i rommet, Valentina Teresjkova, i 1963. Her fann òg Nedelinkatastrofen stad.

Drifta av anlegget heldt fram òg også etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991, under vern av Samveldet av sjølvstendige statar. 8. juni 2005 ratifiserte det russiske parlamentet ein avtale mellom Russland og Kasakhstan om auka samarbeid om effektiv drift av Bajkonur. Avtalen forlenger òg Russland sitt lån av stasjonen til 2050. Leigesummen er på 700 millionar kroner per år.

På grunn av den lange usemja mellom Russland og Kasakhstan om leigesummen for lånet av kosmodromen, har russarane byrja å utvide Kosmodrom Plesetsk i Arkhangelsk i Nord-Russland.

I fiksjon[endre | endre wikiteksten]

Baikonur Kosmodrom er tittelen på et skodespel av Christopher Grøndahl, der delar av handlinga lagt til romsenteret i byrjinga av 2020-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


45°6′N 63°3′E / 45.100°N 63.050°E / 45.100; 63.050