Bakethin-reservoaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bakethin Reservoir
reservoar
Land  England
Tilsig North Tyne
Kart
Bakethin-reservoaret
55°13′05″N 2°34′26″W / 55.218°N 2.574°W / 55.218; -2.574
Wikimedia Commons: Bakethin Reservoir

Bakethin-reservoaret er eit reservoar like oppfor Kielder Water i Northumberland i England, nær grensa til Skottland. Ho får vatn frå River North Tyne og ligg søraust for landsbyen Kielder.

Reservoaret er demd opp av ein overløpskant som skil det frå Kielder Water og meininga er å hindre dei øvste delane av Kielder Water å tørke ut når vassnivået er lågt i hovudreservoaret. Bakethin er eit bevaringsområde forvalta av Northumberland Wildlife Trust på vegner av Northumbrian Water.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Reservatet har eit rikt planteliv med mellom anna sjeldne planter. Det er bygt kunstige øyar på sørsida av reservoaret for hekkande fuglevilt. Her finst òg oter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bakethin-reservoaret