Bakevje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei bakevje er ein straum i ei elv eller ein større bekk som på grunn av ei naturleg hindring skjer ut frå hovudstraumen og bøyer attende. Bakevje kan òg opptre i fjordstraumar i samband med flo og fjøre, samt i dei store havstraumane.
I overført tyding kan ordet òg tyde eit daudpunkt i forhandlingar eller ei utvikling eller liknande.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Bakevje»