Bakhtsjisaraj
| Bakhtsysaraj | ||
| Bağçasaray | ||
| by | ||
|
Khanpalasset
|
||
|
||
| Land | ||
|---|---|---|
| Region | Krimhalvøya | |
| høgd | 300 moh | |
| koordinatar | ||
| Folketal | 26 215 | |
| Tettleik | 26 215 / km² | |
| Først nemnt | 1502 | |
| - Bystatus | 1926 | |
| Tidssone | EET (UTC+2) | |
| - Sommartid | EEST (UTC+3) | |
| Postnummer | 98400 — 98408 | |
| Retningsnummer | +380-6554 | |
| Wikimedia Commons: Bakhchisarai | ||
Bakhtsysaraj (krimtatarisk Bağçasaray; ukrainsk og russisk Бахчисарай; tyrkisk Bahçesaray) er ein byliknande busetnad sentralt på Krimhalvøya sør i Ukraina. Han er det administrative senteret i Bakhtsysaraj rajon (distrikt), samt den tidlegare hovudstaden i Krim-khanatet. Det største landemerket i byen er Hansaray, det einaste større palasset frå Krim-khanane, og i dag eit populært museum.
Byen er først nemnt i 1502, og vart hovudstad i Krim-khanatet i 1532 under regjeringstida til Sahib I Giray. Byen var så det politiske og kulturelle senteret for Krim-tartarane frem til khanatet vart erobra av Russland i 1783. Byen heldt den kulturelle tydinga si òg etter dette, heilt til tartarane vart drivne bort frå Krim i mai 1944.
Asteroiden 3242 Bakhchisaraj, oppdaga av ukrainaren Nikolaj Tsjernykh, er kalla opp etter byen. Byen er òg kjent i Russland for Aleksandr Pusjkin-diktet «Fontenen i Bachtjisaraj», seinare koreografert som ballett av Rostislav Zakharov.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bakhchisarai» frå Wikipedia på engelsk, og «Bakhtsjisaraj» frå Wikipedia på bokmål den 1. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell side for palasset (engelsk/ukrainsk/russisk)
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: Simferopol | ||
| Alusjta · Armjansk · Bakhtsjisaraj · Bilohirsk · Dzjankoj · Feodosija · Inkerman · Jalta · Jevpatoria · Kertsj · Krasnoperekopsk · Saky · Sevastopol · Sudak · Sjtsjolkine | ||