Bakka i Sogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bakka
stad
Bakka
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Aurland
Postnummer 5749 BAKKA
Preposisjon Bakka
Kart
Bakka i Sogn
60°54′58″N 6°52′08″E / 60.916111111111°N 6.8688888888889°E / 60.916111111111; 6.8688888888889
Wikimedia Commons: Bakka

Bakka er ei grend i Nærøyfjorden i Aurland kommune i Vestland fylke. Staden ligg på vestsida av fjorden, fem kilometer nordom Gudvangen.

Garden Tufto

På Bakka ligg Bakka kyrkje frå 1859.[1] Kyrkja er soknekyrkje i Nærøy sokn og ein valde Bakka som kyrkjestad fordi det er midt i soknet. Grenda femner to matrikkelgardar, Bakka med gardsnummer 65 og Tufto med gardsnummer 66.[2]

Bakka har vegsamband til Gudvangen med Fv241, og derfrå vidare til Flåm og kommunesenteret AurlandsvangenEuropaveg 16. I 2000–01 vart det bygd tunnel på ein rasfårleg del av fylkesvegen mellom Gudvangen og Bakka. Tunnelen heiter Bakkatunnelen og er vel 1,7 km lang og har eitt køyrefelt.[3]

Verdsarvturen[endre | endre wikiteksten]

Fjellturen Verdsarvturen vert arrangert kvart år på hausten og går frå Bakka og opp på fjellet og ned att til Dyrdal.[4]

Postveg og postkontor[endre | endre wikiteksten]

Den gamle postvegen mellom Oslo og Bergen gjekk om Nærøyfjorden og det var då rideveg til Bakka. Om vinteren når det låg is på fjorden slik at ein ikkje kunne ro han, nytta ein vegen til Bakka og tok seg der over fjorden til hi sida. Derfrå gjekk det veg ut til Styvi som var ytste sikre isfrie staden i fjorden. Frå Styvi vart so posten rodd til Lærdal.[5]

Bakka hadde eige postkontor frå 1929 til det vart nedlagt i 2000. Staden har framleis eige postnummer, 5749 BAKKA.[6]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]