Baku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bakı
Utsyn over Baku frå Sjahidlarmonumentet. Foto: Frode H. Korneliussen
Utsyn over Baku frå Sjahidlarmonumentet.
Foto: Frode H. Korneliussen
Styresmakter
Land Aserbajdsjan
Geografi
Flatevidd
 - By

-2130 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)
   - folketettleik

2 045 815
  900/km²
Koordinatar 41°01′52″N 21°20′25″EKoordinatar: 41°01′52″N 21°20′25″E
Høgd over havet -28 m
Diverse anna
Postnummer +99450
Telefon-retningsnummer 012
Nettstad: www.bakucity.az
Plassering
Baku sør på Abşeron-halvøya
Baku sør på Abşeron-halvøya

Baku (aserbajdsjansk Bakı) er hovudstaden og den største byen i Aserbajdsjan. Han er òg den største hamnebyen i landet og i heile Kaukasus. Byen ligg på sørsida av Absjeronhalvøya og består i hovudsak av tre delar: gamlebyen (İçəri Şəhər), oljebyen frå tidleg 1900-tal og den sovjetiskbygde delen av byen. Dei fyrste skriftlege kjeldene nemner byen på 600-talet, men byen kan ha vore grunnlagd fleire hundre år før. Byen hadde i 2011 litt over 2 millionar innbyggjarar, medan storbyområdet kring Baku har omkring 3 millionar innbyggjarar.[1][2]

Gamlebyen i Baku i lag med Sjirvansjahpalasset og Jomfrutårnet vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 2000. I følgje rangeringa til Lonely Planet er Baku òg av dei ti beste utelivsbyane i verda.[3]

Baku er delt inn i elleve administrative distrikt (rajon) og 48 bydelar. Av desse finst bydelane på øyane i Bakubukta og byen Neft Daşları (Oljeklippene), som er bygd på stylter i Kaspihavet, 60 km frå Baku.

Byen er det økonomiske og kulturelle sentrumet i Aserbajdsjan. Mange store aserbajdsjanske institusjonar har hovudkvartera sine der, som SOCAR, eit av dei 100 største selskapa i verda.[4] Økonomien i Baku er mykje grunna på petroleumsverksemd. Heilt sidan 700-talet har det vore kjend at området har rike førekomstar av petroleum.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Gamle Baku. Postkort frå 1900.

Det er ei brei oppfatning at namnet Baku kjem frå dei gamle persiske namna på byen باد-که Bād-kube, som tyder «vind-hamra by», der bād tyder «vind» og kube kjem frå verbet کوبی kubidan, «å hamre». Dette viser til at byen ligg ein stad der vinden er kraftig, og byen er nettopp kjend for dei kraftige vinterstormane og den harde vinden.[5] Ein trur òg at namnet syner til Baghkuh, som tyder «Gudefjellet», Baga (باغ bagh) og Kaufa (no kuh) som er gammalpersiske ord for «gud» og «fjell». Namnet Baghkuh kan samanliknast med Baghdad («Gudegjeven») der dād er det gammalpersiske ordet for «å gje». Arabiske kjelder refererer til byen som Baku, Bakukh, Bakuya og Bakuye, alle ser ut til å kome frå eit persisk namn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første skriftlege kjeldene for Baku daterer seg frå det første hundreåret.[6] Mykje av historia sidan den gong er knytte til forskjellige persiske rike.

Byen vart viktig etter at eit jordskjelv øydela Sjamakhi på 1100-talet, då den herskande sjirvansjah, Ahsitan I, valte Baku som den nye hovudstaden sin. I 1501 kringsette safaviden sjah Ismail I Baku. På denne tida var byen omringa av fleire sterke murar, som vart vaska av sjøen på den eine sida og ei vid grøft på den andre. I 1540 vart Baku igjen erobra av safavidane. I 1604 vart festninga i Baku øydelagd av den iranske sjahen Abbas I.

Baku i 1734.

Den 26. juni 1723, etter ein langvarig omleiring med kanonar, vart Baku overgjeven til russarane. I følgje eit dekret frå Peter den store var det to regiment (2382 soldatar) i garnisonen i Baku kommandert av prins Barjatjanski, kommandanten i byen. I 1795 vart Baku invadert av Agha Muhammad Khan Qajar for at han kunne forsvare seg mot planane til Russland om å underlegge seg det sørlege Kaukasus. Våren 1796, etter ordre frå Katarina II, starta soldatane til general Zubov eit stort felttog i Transkaukasus. Baku overgav seg etter det første kravet til Zubov, som hadde sendt 6000 soldatar for å erobre byen. Den 13. juni 1796, segla ein russisk flotilje inn i Bakubukta og ein garnison med russiske soldatar vart sett inn i byen. General Pavel Tsitsianov vart utpeikt som kommandant. Seinare gav tsar Pavel I han ordre om å avslutte felttoget og trekkje attende dei russiske styrkane. I mars 1797 forlet tsar-soldatane Baku, men ein ny tsar, Aleksander I, ønskte på ny å erobre Baku. I 1803 inngjekk Tsitsianov eit kompromiss med khanen i Baku, men avtalen vart raskt annullert. Den 8. februar 1806, då Baku overgav seg, stakk og drap Huseyngulu-khanen av Baku Tsitsianov ved portane til byen.

I 1813 signerte Russland freden i Gulistan med Persia, som gjorde at dei fekk Baku og det meste av Kaukasus frå Iran.

Oljeutviklinga[endre | endre wikiteksten]

Eit oljeraffineri i Baku tidleg på 1900-talet.

Den første oljebrunnen vart mekanisk bort i forstaden Bibi-Heybat i Baku i 1846, men mange handgravne brunnar eksisterte før dette. Frå 1400-talet vart lampeolje utvunne frå oljebrønnar. Kommersiell utnytting av olja byrja i 1872 og i byrjinga av 1900-talet var oljefelta i området dei største i verda. Den storskala oljeutvinninga starta i 1872, då russiske styresmakter auksjonerte bort parsellar av oljerikt land rundt Baku til private investorar. I løpet av ein kort periode dukka sveitsiske, britiske, franske, belgiske, tyske, svenske og amerikanske investorar opp i Baku, mellom anna føretaka til Nobel-brørne i lag med familien von Börtzell-Szuch (Carl Knut Börtzell, som òg eigde Livadia-palasset) og familien Rothschild. Eit industrielt oljebeltet, betre kjend som Black City, vart oppretta nær Baku. På byrjinga av 1900-talet vart nesten halvparten av den totale oljeproduksjonen i verda, vunne ut i Baku.[7]

I 1917, etter oktoberrevolusjonen og midt under den første verdskrigen og oppbrytinga av Det russiske imperiet, kom Baku under kontrollen til ein av Baku-kommune, som vart leia av bolsjeviken Stepan Sjahumjan. Han prøvde å utnytte dei indre etniske konfliktane, som alt eksisterte i området, og våren 1918 inspirerte og førte bolsjevikane borgarkrigar i og rundt Baku. Under dei kjende marsdagane, prøvde bolsjevikane og dasjnakar å få kontroll over gatene i Baku, og stod opp mot ei væpna muslimsk gruppe. Muslimane leid eit knusande nederlag mot den samla styrken til sovjetarane i Baku og fekk så føle villskapen til dasjnakane. Om lag 12 000 aserbajdsjanarar vart ofre for ein massakre utført av radikale armenarar og bolsjevik-soldatar.[8][9][10][11]

Sovjetiske Baku[endre | endre wikiteksten]

Aserbajdsjansk frimerke til minne om «tragedien 20. januar».

Den 28. mai 1918 erklærte den aserbajdsjanske delen av Den transkaukasiske demokratiske føderale republikken sjølvstende som Den aserbajdsjanske demokratiske republikken (ADR) i Ganja. Kort tid etter rykte aserbajdsjanske styrkar, støtta av den osmanske islamhæren leia av Nuru Pasha inn mot Baku, og erobra til slutt byen frå ein laust samansett koalisjon av bolsjekvikar, eserar, dasjnakar, mensjevikar og britiske styrkar under general Lionel Dunsterville den 15. september 1918. Tusenvis av armenarar i byen vart massakrerte som hemn for dei tidlegare marsdagane.[12] Baku vart hovudstad i ADR. Den 28. april 1920, invaderte den 11. raude armeen Baku og gjeninnsette bolsjevikane, og gjorde Baku til hovudstad i Den aserbajdsjanske sovjetiske sosialistrepublikken.

Slaget om Stalingrad i andre verdskrig var ein del av tysk framrykking for å få kontroll over petroleumsressursane ved Baku. Så mange år med oljeverksemd har derimot sett sine spor, og Baku er i dag ein av verdas mest forureina byar, både med omsyn til luft- og vasskvalitet. Mot slutten av 1900-talet var store delar av petroleumsressursane til lands vorte utvunne. Utvinninga går etter kvart meir og meir føre seg til havs, offshore i Kaspihavet.

Ved byrjinga av 1990, kort tid før oppløysinga av Sovjetunionen, var Baku åstad for store demonstrasjonar for aserbajdsjansk sjølvstende. 19. og 20. januar, då sovjetiske styrkar gjekk inn i byen for å få slutt på opprøret, blei over hundre menneske drepne. Hendingane er kalla «Svart januar» og minna med ein nasjonal sørgedag 20. januar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Baku ligg på vestkysten av Det kaspiske havet. I nærleiken av byen finst fleire slamvulkanar (Keyraki, Bogkh-bogkha, Lokbatan og andre) og saltsjøar (Boyukshor, Khodasan og fleire).

Klima[endre | endre wikiteksten]

Baku har eit temperert steppeklima (Köppen si klimaklassifisering: BSk) med varme og tørre somrar og kalde og stundom våte vintrar. Men i motsetnad til mange andre byar med dette klimaet, har ikkje Baku ekstremt varme somrar. Dette kjem hovudsakleg av byen ligg eit stykke mot nord og at han ligg på ei halvøy ved kysten av Kaspihavet. Baku og Absjeronhalvøya, som byen ligg på, er den tørraste delen av Aserbajdsjan (her kjem mindre enn 200 mm nedbør i året). Mesteparten av den vesle nedbøren som kjem, kjem utanom sommaren, men ingen av desse månadane er særleg våte. I sovjettida var Baku eit feriemål med mange solskinstimar og eit tørt, friskt klima der sovjetarane kunne nyte strendene eller no forfalne spakompleks. Sidan byen har ei fortid som eit sovjetisk industrisenter står han att som ein av dei mest forureina byane i verda.[13]

Samstundes er Baku kjend som ein vindfull stad året gjennom med mange kulingdagar. Den kalde nordavinden khazri og den varme sørausten gilavar dominerer heile året. Byen er kjend for kraftige vinterstormar og sur vind.[5] Khazri-vinden kan stundom nå 40 m/s (144 km/t), som kan øydeleggje avlingar, tre og tak.[14]

Den daglege normaltemperaturen i juli og august er i 26,4 °C og det er særs lite nedbør på denne årstida. Om sommaren sveipar den kjølige khazri-vinden over området regelmessig og bringer temperaturen ned til meir behaglege temperaturar. Vinteren er kald og stundom våt med daglege normaltemperaturar i januar og feburar på 4,3 °C.Om vinteren fører khazri-vinden, driven av den kalde polarlufta, temperaturane langs kysten til under null grader og i lag med den kraftige vinden vert det bitande kaldt. Ein får stundom snøfall, men dei er sjeldne og snøen ligg sjeldan lenger enn nokre få dagar.

Den årlege normaltemperaturen i Baku og for heile jorda har berre ein skilnad på 0.1 °C, han er 14,2 °C.[15]

Klimadata for Baku
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Døgnmiddeltemp. °C 4.4 4.2 7.0 12.9 18.5 23.5 26.4 26.3 22.5 16.6 11.2 7.3 15 07
Nedbør (mm)(mm) 21 20 21 18 18 8 2 6 15 25 30 26
Normal mengd nedbørdagar (≥ 0.1 mm) 6 6 5 4 3 2 1 2 2 6 6 6 49
Normale månadlege solskinstimar 89.9 89.0 124.0 195.0 257.3 294.0 313.1 282.1 222.0 145.7 93.0 102.3 2 207,4
Kjelde: World Meteorological Organisation (UN),[16] Hong Kong Observatory[17] for solskinstimar

Styre[endre | endre wikiteksten]

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

I dag er Baku delt inn i 11 rajonar (administrative bydelar) and 5 byliknande busetnader.[18][19]

Bydelar i Baku[20]
Bydel
(Rajon)
Innbyggjarar (2009) Areal
Binagadi
(Binəqədi)
238 600
170 km²
Garadagh
(Qaradağ)
108 200
1 080 km²
Khatai
(Xətai)
245 200
30 km²
Khazar
(Xəzər)
169 100
400 km²
Narimanov
(Nərimanov)
161 100
30 km²
Nasimi
(Nəsimi)
208 300
10 km²
Nizami
(Nizami)
178 100
20 km²
Sabail
(Səbail)
90 300
30 km²
Sabuntsju
(Sabunçu)
220 100
240 km²
Surakhani
(Suraxanı)
195 000
100 km²
Yasamal
(Yasamal)
232 100
20 km²

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1988 budde det mange armenarar, russarar og jødar i Baku, som medverka til eit kulturelt mangfald og som på forskjellig vis (musikk, litteratur, arkitektur) medverka til historia til Baku. Under kommunismen tok sovjetarane tok over mesteparten av dei jødiske eigedomane i Baku og Kuba. Etter at Sovjetunionen kollapsa, gav president Heydar Aliyev fleire av synagogene og eit jødisk universitet nasjonalisert av sovjetarane tilbake til jødane. Han oppfordra til restaurering av desse bygningane og var godt likt av jødane i Aserbajdsjan. Sju av opphavleg elleve synagoger, inkludert Gilah-synagogen frå 1896 og den store Kruei-synagogen, er så langt renovert.[21] Den nye aserbajdsjanske grunnlova gjev religionsfridom og hevdar at det ikkje finst noko statsreligion.

I dag er mesteparten av innbyggjarane i Baku etniske aserbajdsjanar (meir enn 90 %). Den store folkeveksten starta på midten av 1800-talet då Baku var ein liten by med kring 7000 innbyggjarar. Folketalet auka igjen frå kring 13 000 i 1860-åra til 112 000 i 1897 og 215 000 i 1913, som då gjorde Baku til den største byen i Kaukasus.[22]

Baku har vore ein verdsby ved fleire høve gjennom historia si, som tyder at etniske aserbajdsjanarar ikkje utgjorde mesteparten av folkesetnaden.[23] I 2003 hadde Baku i tillegg 153 400 internt fordrivne personar og 93 400 flyktningar.[24]

År Aserbajdsjanarar Russarar Armenarar Iranarar Tyskarar Jødar Georgiarar Totalt
1897 40 148 37 399 19 060 9 426 2 460 2 341 971 111 904
1903 44 257 56 955 26 151 11 132 3 749 n/a n/a 155 876
1913 45 962 76 288 41 680 25 096 3 274 9 690 4 073 214 672

Økomoni[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringa i Baku er petroleum og eksport av petroleum er den største inntektskjelda til Aserbajdsjan. Ein har kjend til petroleum i området sidan 700-talet. På 900-talet skreiv den arabiske reisande Maurdee om både kvit og svart olje som vart vunne ut naturleg frå Baku.[25] På 1400-talet vart lampeolje frakte med han frå brunnar på overflata. Den kommersielle utvinninga starta i 1872, og på byrjinga av 1900-talet var oljefelta i Baku dei største i verda. Mot slutten av 1900-talet hadde det meste av petroleumsførekomstane på land gått tom, og ein starta boring til havs. Mot slutten av 1800-talet kom fagarbeidarar og spesialistar til Baku. I 1900 hadde byen meir enn 3000 oljebrunnar, og 2000 av desse produserte olje på industrinivå. Baku var rekna som eit av dei største oljeindustrisentra i verda før den andre verdskrigen. Slaget om Stalingrad under krigen vart mellom ein kamp om å få kontroll over oljereservane i Baku. Femti år før slaget stod Baku for halvparten av av den samla oljeproduksjonen i verda. I dag går oljeøkonomien i Baku gjennom ei fornying med utvikling av det massive Azeri-Chirag-Guneshli-feltet (Shallow water Gunashli av SOCAR, djupare område av eit konsortium leia av BP), utviklinga av Shah Deniz-feltet, utvidinga av Sangachalterminalen og bygginga av BTC-røyrleidninga.

Byen er framleis senter for økonomi og handel i landet. Faktisk er byen eit senter for finans, forsikring, eigedom, media og kunst i Aserbajdsjan. Utviklinga av infrastrukturen i området kring, som Heydar Aliyev internasjonale flyplass, bygginga av Baku Business Centre og utviklinga av hamna i Baku har ytterlegare forsterka den økonomiske tydinga til byen.

Baku-børsen er den største børsen i Aserbajdsjan og den største i Kaukasus målt etter marknadsverdi selskap.

I følgje Bloomberg BusinessWeek er Baku rangert som ein av dei dyraste byane i verda, i lag med Wien og Berlin i 2009.[26][27]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Kveldsbilete frå Azneft-plassen

Baku er ein av dei viktigaste turistdestinasjonane i Kaukasus og hotella her tente kring 7 millionar euro i 2009.[28] Turistsektoren er òg viktig for økonomien i byen og gjev inntekter, jobbar og nye føretaksmogelegheiter. Som følgje av dette har mange store hotellkjeder hotell i byen.

Byen har mange populære turistattraksjonar, som Fonteneplassen, Regjeringsbygget, Det internasjonale Mugam-senteret i Aserbajdsjan, Jomfrutårnet, Sjirvansjahpalasset, Amburan, Tusen og ei natt og Sjikovstrendene, Yanar Dag og Oljeklippene.

Andre turistattraksjonar er handelsstrøket i byen, med butikkar frå kjedebutikkar til kostbare butikkar som Gucci, Emporio Armani, Burberry, Salvatore Ferragamo, Dolce & Gabbana og Bulgari. Byen har fleire kjøpesenter, som Amay Shopping Center, det største kjøpesenteret i Aserbajdsjan under tak.

Mange hotell, frå fem stjerner til økonomipris, har dukka opp overalt for å ta imot dei mange turistane kvart år. Det er mange hotell nær underhaldnings- og forretningsdistrikta i Baku.

Den 2. september 2010 vart den høgaste flaggstonga i verda reist i Baku då Den nasjonale flaggplassen vart opna. Rekorden vart stadfesta av Guinness rekordbok.[29][30]

Kultur og daglegliv[endre | endre wikiteksten]

Byen har mange fasilitetar for mange forskjellige kulturaktivitetar, basert på både ein rik lokal dramatisk eigenproduksjon og frå internasjonalt repertoar. Her finst mange museum, mellom anna for historie og kunst. Mange av dei kulturelle stadane i byen vart feira i 2009 då Baku vart erklært islamsk kulturhovudstad.[31]

Av kjende kulturstader i Baku finn ein Den aserbajdsjanske nasjonale filharmoniske hallen, Det aserbajdsjanske operaakademiet og balletteateret. Den største kinoen er Azerbaijan Cinema. Av festivalar i byen finn ein Baku internasjonale filmfestival, Baku internasjonale jazzfestival, Novruz-festivalen, Gül Bayramı (blomsterfestival) og Nasjonalteater-festivalen.[32][33]

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå arkitektur i Baku.
Bygning frå tida under den aserbajdsjanske demokratiske republikken

Baku har ein særs varierande arkitektur, frå Gamlebyen til moderne bygg og den rommelege planløysinga i Baku hamn. Mange av dei mest imponerande byggverka i byen vart bygd under Den aserbajdsjanske demokratiske republikken då arkitektoniske element frå europeiske stilartar vart kombinert i lag med kvarandre i eklektisk stil.[34] Baku har derfor ein original og unik utsjånad som gav byen rykte som «Austen sitt Paris».[35]

Seinare moderne og postmoderne arkitektur byrja å dukke opp tidleg i 2000-åra. Med den økonomiske utviklinga vart gamle bygg som Atlanthuset rive for å lage plass til bye. Glasdekte bygg har dukka opp rundt over heile byen, mellom anna SOCAR Tower og Flame Towers.

Den historiske kjernen[endre | endre wikiteksten]

Delar av Gamlebyen
For meir om dette emnet, sjå Gamlebyen i Baku, Sjirvansjahpalasset og Jomfrutårnet i Baku.

Dei fleste murane og tårna, som vart forsterka etter den russiske erobringa i 1806, har overlevd fram til i dag. Denne delen av byen er pittoresk med eit virvar av smale gater og gamle bygningar. Brusteinsgatene ved Sjirvansjahpalasset, to karavanseraiar, bada og Jumamoskeen (som tidlegare husa det aserbajdsjanske nasjonale teppemuseet, men som i dag er ein moske igjen). Det ligg eit dusin små moskear i kjernen av gamlebyen, ofte utan at ein kan skilje dei frå nabobygget.

I 2003 vart Gamlebyen innskriven på verdsarvlista til UNESCO, etter at delar av bydelen vart øydelagd i eit jordskjelv i november 2000 på grunn av dårleg bevaring og «tvilsam» restaurering.[36]

Parkar og hagar[endre | endre wikiteksten]

Baku har store grøntområde som anten er bevart av staten eller erklært som grøne sonar. Byen manglar derimot utvikling av grøne område medan økonomien strøymer til byen og massive bustadprosjekt i forstadane.[37]

Baku Bulvar er ein promenade for gåande som går parallelt til strandpromenaden i Baku. Langs boulevarden ligg eit tivoli, ein yachtklubb og musikalsk fontene, samt forskjellige statuar og monument. Parken er populær for turar med hundar og joggarar, og høveleg for turistar.

Andre parkar og hagar er Heydar Aliyev-parken, Samad Vurgun-parken, Narimanov-parken og Fonteneplassen. Martyralleen, tidlegare Kirov-parken, er tileigna minnet til dei som mista livet i Nagorno-Karabakh-krigen og dei 137 som vart drepne i Svart januar.

Natteliv[endre | endre wikiteksten]

Baku er kjend for eit yrande natteliv og mange klubbar er opne til morgonen eller til og med formiddagen gjennom heile byen. På klubbane med austleg stil har ein ofte aserbajdsjansk kjøken med lokal musikk, medan dei vestlege klubbane er meir retta mot unge og energiske folk.[38] Dei fleste pubane og barane ligg nær Fountain Square og er vanlegvis open heile natta.

I Baku finn ein restaurantar frå dei fleste kjøken og høve. Ein finn alt frå luksuriøse og dyre restaurantar til dei meir billege variantane.[39]

I Lonely Planet si «1000 Ultimate Experiences», er Baku på åttande plass over dei ti beste nattelivsbyane i verda[3][40]

Musikk og media[endre | endre wikiteksten]

Musikkmiljøet i Baku kan sporast attende til antikken og landsbyane i Baku, som generelt vert rekna som opphavet til meykhana og mugham i Aserbajdsjan.[41][42]

I nyare år er suksessen til aserbajdsjanske artistar som AySel, Safura, Elnur Hüseynov og Arash i Eurovision ført til at musikkmiljøet i Baku har vorte internasjonalt kjend.

2005 var eit landemerke for utviklinga av jazz i byen, som er heimstad for legendariske jazzmusikarar som Vagif Mustafazadeh, Aziza Mustafa Zadeh, Rafig Babajev og Rain Sultanov.[43][44] Av dei mest kjende årlege festivalane i Baku finn ein Baku International Jazz Festival, der mange av dei største jazzartistane i verda spelar.[45][46]

Baku er òg eit blømande internasjonalt Mughamsenter, som ligg på Baku Bulvar.[47]

Dei fleste mediaføretaka i Aserbajdsjan (som fjernsyn, avis og radio med ANS, Azad Azerbaijan TV, Ictimai TV eller Lider TV) har hovudkvarter i Baku. Filmane The World Is Not Enough og The Diamond Arm er filma i byen, medan Amphibian Man inneheld fleire scenar filma i Gamlebyen.

Av radiostasjonane i byen er ANS ChM, Ictimai Radio, Radio Antenn, Burc FM og Lider FM Jazz somme av dei viktigaste som konkurrere med internasjonale kanalar. ANS ChM var ein av dei første private og sjølvstendige FM radiostasjonane i Kaukasus og Sentral-Asia då han vart oppretta i mai 1994.[48]

Somme av dei viktigaste avisene i Baku, omfattar dagsavisene Zaman (Tida), Bakinskiy Rabochiy (Bakuarbeidaren), Echo og den engelskspråklege Baku Today.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 2012 vil vere halden i Bakı Kristal Zalı i Baku i mai 2012, etter at Ell & Nikki vann Eurovision Song Contest 2011 for Aserbajdsjan.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Heydar Aliyev sports- og utstillingskompleks under den europeiske meisterskapen i rytmisk sportsdans i 2009

Baku søkte om sommar-OL i 2016, men vart eliminert 4. juni 2008.[49] Dei har òg søkt for sommar-OL i 2020.

Dei tre største fotballklubbane i byen er Neftchi Baku, FK Baku og Inter Baku der dei to første spelar på Tofik Bakhramov Stadium. Neftchi har vunne den aserbajdsjanske serien fem gonger, medan FK Baku og Inter Baku har vunne to gonger kvar. Baku har òg fleire klubbar i den øvste og regionale ligaer, som AZAL og MOIK Baku. I den aserbajdsjanske basketballligaen er representert med Gala BC Baku, BC Aztop Baku, NTD Devon Baku, som spelar i Palace of Hand Games.[50]

Førsteklasses sportsarenaer vart bygd for innandørs sport, som Palace of Hand Games og Heydar Aliyev sports- og utstillingssenter. Her har vorte halde mange meisterskap, som EM og VM i rytmisk sportsdans, EM i bryting, volleyballmeisterskap for kvinner og EM i taekwondo.[51][52]

Baku er eit av dei leiande sjakksentra i verda og fleire stormeistrar som Teimour Radjabov, Vugar Gasjimov, Gary Kasparov, Faik Hasanov og Rauf Mammadov kjem her frå. Årleg held byen internasjonale turneringar som Baku Chess Grand Prix, President's Cup, Baku Open og har dei har søkt om sjakk-OL i 2014.[53][54]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Gjennom historia har transportsystemet i Baku bestått av hestesporvogn, trikkar og smalsporjernbane. Det er to offisielle taxiselskap i byen: drosjane med gule stjerner og dei kvite drosjane med blå skilt frå «Azeri Taxis».

Flyplassar[endre | endre wikiteksten]

Heydar Aliyev internasjonale flyplass er den einaste trafikkflyplassen i Baku. Den nye Baku Cargo Terminal vart offisielt opna i mars 2005. Han vart bygd for å vere eit stort transportsenter i CIS-landa og er i dag ein av dei største og mest teknisk avanserte i regionen.[55]

Det ligg fleire mindre militærflypassar nær Bakuk som Baku Kala flybase, som er meint for private fly, helikopter og charterfly.[56]

Skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Skipsfart er ein særs viktig del av Baku, sidan byen i praksis er omgjeven av Kaspihavet frå aust. Det går båtruter frå Baku over Kaspihavet til Türkmenbaşy (tidlegare Krasnovodsk) i Turkmenistan og til Bandar Anzali og Bandar Nowshar i Iran.[57]

Pendlarbåtar og den raske katamaranen Seabus (Deniz Avtobusu), dannar òg ei viktig transportåre mellom byen og Absjeronhalvøya.[58]

Hamn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Baku internasjonale hamn.
Baku hamn

Baku hamn vart grunnlagd i 1902 og har sidan den gong vore den største hamna ved Kaspihavet. Han har seks anlegg: lasteterminalen, båtterminalen, oljeterminalen, passasjerterminalen og hamneflåteterminalen. Kapasiteten til hamna er opp mot 15 millionar tonn våtbulk og opp mot 10 millionar tonn tørrlast.[59]

Frå april til november er Baku hamn tilgjengeleg for skip som kan segle direkte frå hamner i Vest-Europa og Middelhavet.

Motorvegar[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalvegen M-1 og europavegen E60 er to hovudvegar mellom Europa og Aserbajdsjan. Motorvegnettverket kring Baku er godt utvikla og vert stadig utvida.

Metro[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Baku metro.

Lokal transport omfattar Baku metro, ein hurtigtransportsystem som er kjend for sin kunst, veggmåleri, mosaikkar og utsmykka lysekroner. Baku metro opna i november 1967 og består av 22 stasjonar. 170 millionar menneske har nytta Baku metro frå 2005 til 2010.[60]

I 2008 annonserte sjefen for Baku metro, Taghi Ahmadov, at det var planlagt å byggje 41 nye stasjonar dei neste 17 åra. Desse vil tene det nye busssystemet, samt den internasjonale flyplassen.[61]

Jernbane[endre | endre wikiteksten]

Kars–Tbilisi–Baku-jerbnanen, som vil knyte Tyrkia, Georgia og Aserbajdsjan saman vart påbyrja i 2007 og skal vere ferdig i 2012. Den ferdige banen vil knyte Baku saman med Tbilisi inGeorgia, og frå der kan tog gå vidare til Akhalkalaki, og Kars i Tyrkia.[62]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Baku har mange universitet, høgskular og yrkesskular. Mange av dei mest prestisjefylte universiteta i Aserbajdsjan ligg i Baku, mellom anna Baku nasjonale universitet, Det aserbajdsjanske nasjonale oljeakademiet, Akademiet for offentleg forvaltning, Det aserbajdsjanske universitet for medisin og Det aserbajdsjanske nasjonale vitskapsakademiet. Somme av dei største utdanningsinstitusjonane i Baku er Det aserbajdsjanske nasjonale universitet for økonomi, Det aserbajdsjanske tekniske universitetet, Det aserbajdsjanske universitetet for arkitektur og bygg, Det aserbajdsjanske universitetet for språk, Baku slaviske universitet, Det aserbajdsjanske turistinstituttet og Baku musikkakademi.

Etter Aserbajdsjan fekk sjølvstende, førte fallet til kommunismen til ei utvikling i mange private institusjonar, mellom anna Qafqaz universitet, Odlar Yurdu universitet, Khazar universitet og Det vestlege universitet.

Offentleg styrte barnehagar og grunnskular (første til ellevte trinn) vert styrt av lokale avdelingar eller kommunale kontor.

Kjende folk frå Baku[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bakı şəhəri - Azərbaycan Dövlət Statistika Komitəsi
  2. «Population by economic and administrative regions, urban settlements at the beginning of the 2009». http://www.azstat.org/statinfo/demoqraphic/en/2_2.shtml. Henta 9. august 2010. 
  3. 3,0 3,1 «Travel Picks: Top 10 cities to party the night away». Reuters. http://www.reuters.com/article/lifestyleMolt/idUSTRE5AC0NE20091113?pageNumber=2&virtualBrandChannel=11617. Henta 8. august 2010. 
  4. State Oil Company of Azerbaijan Republic: Transition from National to Transnational Company or Demand of Time?
  5. 5,0 5,1 «Culture & Religion on Podium: Politicizing Linguistics». Web.archive.org. Arkivert frå originalen den 13. oktober 2007. http://web.archive.org/web/20071013212555/http://iranchamber.com/podium/culture/020920_politicizing_linguistics.php. Henta 8. august 2010. 
  6. «Azerbaijan - Walled City of Baku with the Shirvanshah's Palace...». Arkivert frå originalen den 2008-01-02. http://web.archive.org/web/20080102011734/http://worldheritage.heindorffhus.dk/frame-AzerbaijanBaku.htm. Henta 23. november 2010. 
  7. «Window2Baku.com». Window2Baku.com. http://www.window2baku.com/eng/9001history_3.htm. Henta 23. november 2010. 
  8. F. Kazemzadeh. The Struggle For Transcaucasia: 1917—1921, The New York Philosophical Library, 1951, s. 75
  9. Майкл СМИТ. Память об утратах и азербайджанское общество
  10. James Minahan. Miniature empires: a historical dictionary of the newly independent states. Greenwood Publishing Group, 1998. ISBN 0-313-30610-9, 9780313306105
  11. Michael Smith. "Anatomy of Rumor: Murder Scandal, the Musavat Party and Narrative of the Russian Revolution in Baku, 1917-1920", Journal of Contemporary History, Vol 36, No. 2, (Apr. 2001), s. 228
  12. Furuz Kazemzadeh, Struggle For Transcaucasia (1917 - 1921), New York Philosophical Library, 1951, s. 143-144
  13. Tiffany M. Luck (2008-02-26). «The World's Dirtiest Cities». Forbes.com. http://www.forbes.com/2008/02/26/pollution-baku-oil-biz-logistics-cx_tl_0226dirtycities.html. Henta 24. november 2010. 
  14. «Global ICT Conference : 25-28. november, 2004 : Baku, Azerbaijan». Global-ict.mincom.gov.az. http://www.global-ict.mincom.gov.az/aboutazerb.php. Henta 24. november 2010. 
  15. «Window to Baku». Window2baku.com. http://www.window2baku.com/eng/9000capital.htm. Henta 24. november 2010. 
  16. «World Weather Information Service». http://worldweather.wmo.int/007/c00018.htm. 
  17. "Climatological Information for Baku, Azerbaijan" - Hong Kong Observatory
  18. «Baku's History». Bakupages.com. 2010-03-19. http://www.bakupages.com/pages/baku/baku_en.php. Henta 26. november 2010. 
  19. «Baku's History». Kishmish.az. http://www.kishmish.az/content/Baku_e.html. Henta 26. november 2010. 
  20. Territories, number, density of population and territorial units by economic and administrative regions of Azerbaijan Republic by January 1, 2009
  21. «JewishVirtualLibrary.org». JewishVirtualLibrary.org. 2006-07-10. http://www.jewishvirtuallibrary.org/jsource/vjw/Azerbaijan.html. Henta 29. november 2010. 
  22. «Country-data.com». Country-data.com. http://www.country-data.com/cgi-bin/query/r-946.html. Henta 29. november 2010. 
  23. Audrey Altstadt, Conflict, Cleavage, and Change in Central Asia and the Caucasus, Cambridge University Press, 1997, s. 112, table 4.1, Ethnic composition of Baku, 1897, 1903,1913
  24. «Баку». Arkivert frå originalen den 2007-07-01. http://web.archive.org/web/20070701132551/http://www.baku-online.com/ru/baku.htm. Henta 29. november 2010. 
  25. «The History of Oil in Azerbaijan by Natig Aliyev». Azer.com. http://www.azer.com/aiweb/categories/magazine/22_folder/22_articles/22_historyofoil.html. Henta 29. november 2010. 
  26. «World's Most Expensive Cities 2009». Images.businessweek.com. http://images.businessweek.com/ss/09/06/0615_most_expensive_cities/21.htm. Henta 29. november 2010. 
  27. Назван самый дорогой город СНГ (russisk)
  28. «Hotels in Baku earned 6,8 million euros last year». Azerbaijan24.com. http://azerbaijan24.com/component/content/article/1-latest-news/224-hotels-in-baku.html. Henta 29. november 2010. 
  29. «Azerbaijani flag flies on world's tallest flagpole». news.az. http://news.az/articles/22041. Henta 29. november 2010. 
  30. «İşte dünyanın en yüksek bayrak direği» (på Turkish). ntvmsnbc.com. http://www.ntvmsnbc.com/id/25128411/. Henta 29. november 2010. 
  31. Azerbaijan Business Center. «Closing ceremony of Cultural Year "Baku- Islamic Culture Capital-2009" conducted in Azerbaijan». http://abc.az/eng/news/41154.html. Henta 30. november 2010. 
  32. В Азербайджане отмечают праздник цветов. (russisk)
  33. Azerbaycan'da Gül Bayramı ve Aliyev'in doğum günü kutlanıyor (tyrkisk)
  34. «Baku's Architecture:A Fusion of East and West». Azer.com. http://azer.com/aiweb/categories/magazine/24_folder/24_articles/24_architecture.html. Henta 30. desember 2010. 
  35. Архитектурное развитие города (russisk)
  36. «Walled City of Baku with the Shirvanshah's Palace and Maiden Tower - UNESCO World Heritage Centre». Whc.unesco.org. http://whc.unesco.org/en/list/958. Henta 30. desember 2010. 
  37. Экология и охрана окружающей среды в Азербайджане (russisk)
  38. «About Baku and Azerbaijan». Thelandmarkhotel.az. http://thelandmarkhotel.az/site/?sec=mdata&mid=49&lang=2. Henta 30. desember 2010. 
  39. M. «Food and Restaurants in Azerbaijan and Baku». T-i.ifrance.com. http://t-i.ifrance.com/az-food.html. Henta 30. desember 2010. 
  40. Beograd na vrhu liste gradova sa najboljim noćnim provodom (serbisk)
  41. "Meyxana", ya "bədihə" sözü aləmi bir-birinə qatıb (aserbajdsjansk)
  42. QARABAĞ MUĞAM MƏKTƏBİ (aserbajdsjansk)
  43. «The Emergence of Jazz in Azerbaijan». Azer.com. http://azer.com/aiweb/categories/magazine/54_folder/54_articles/54_vmustafazade.html. Henta 30. desember 2010. 
  44. MediaDesignTech. «History of Jazz in Azerbaijan». Jazz.az. http://jazz.az/. Henta 30. desember 2010. 
  45. «Baku International Jazz Festival has been opened in Azerbaijan». Azerbaijan24.com. http://azerbaijan24.com/component/content/article/1-latest-news/241-baku-jazz-festival-azerbaijan-news-2009.html. Henta 30. desember 2010. 
  46. «Baku International Jazz Festival Official Site». Festival.jazz.az. http://festival.jazz.az/. Henta 30. desember 2010. 
  47. «The Director-General hails the importance of living traditions at the Mugham Festival in Baku, Azerbaijan». Portal.unesco.org. http://portal.unesco.org/en/ev.php-URL_ID=44910&URL_DO=DO_TOPIC&URL_SECTION=201.html. Henta 30. desember 2010. 
  48. «Most Popular Azeri Commercial Broadcaster Taken Off Air». UNDP (via BBC Monitoring Service). 2006-11-25. http://www.un-az.org/undp/bulnews44/m5new.php. Henta 30. desember 2010. 
  49. «ESPN - Chicago among four finalists to host 2016 Olympics - Olympics». Sports.espn.go.com. 2008-06-04. http://sports.espn.go.com/oly/news/story?id=3425680. Henta 30. desember 2010. 
  50. НТД обыграл Бакы (russisk)
  51. Cev Cup: Final Four femminile a Baku (italiensk)
  52. Уралочка, Ямамай и ЦЗ. Добро пожаловать в бакинский ад! (russisk)
  53. «Azerbaijan bids to host Chess Olympiad». news.az. http://news.az/articles/14716. Henta 30. desember 2010. 
  54. «Chess players from 11 countries to join "Baku Open 2010"». today,az. http://www.today.az/news/sports/72148.html. Henta 30. desember 2010. 
  55. «Heydar Aliyev International Airport (BAK/UBBB), Baku, Azerbaijan». Airport-technology.com. http://www.airport-technology.com/projects/baku/. Henta 4. januar 2011. 
  56. Fevralın 14-ü Azərbaycan Hərbi Hava Qüvvələrinin (HHQ) yaranma günüdür (aserbajdsjansk)
  57. «Baku Sea Port expects for passenger trip Anzali-Baku». En.trend.az. 2010-02-18. http://en.trend.az/capital/transport/1641349.html. Henta 4. januar 2010. 
  58. «Ferry Service across Caspian sea». Azerbaijan24.com. http://azerbaijan24.com/transport/38-transport-azerbaijan/60-ferryservicebaku.html. Henta 4. januar 2010. 
  59. «Baku Sea Port». Bakuseaport.az. http://www.bakuseaport.az/eng.html. Henta 4. januar 2011. 
  60. «Baku Metro Chief: "Baku-Sumgait metro line is not planned"». En.apa.az. http://en.apa.az/news.php?id=86101. Henta 4. januar 2011. 
  61. 41 new underground stations to be constructed in Azerbaijani capital in the next 17 years, 10. oktobe 2008, http://www.today.az/news/business/48132.html, henta 4. januar 2011 
  62. Railway Gazette International - februar 2009 s54

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Baku