Bakutis Coast

Koordinatar: 74°45′S 120°0′W / 74.750°S 120.000°W / -74.750; -120.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bakutis Coast is located in Antarktis
Bakutis Coast (Antarktis)

74°45′S 120°0′W / 74.750°S 120.000°W / -74.750; -120.000 Bakutis Coast er den delen av kysten av Marie Byrd Land i Vest-Antarktis som strekkjer seg frå eit punkt ovanfor austsida av Dean Island, ved 74°42′S 127°05′W / 74.700°S 127.083°W / -74.700; -127.083, til Cape Herlacher, eller mellom Hobbs Coast i vest og Walgreen Coast i aust. Han strekkjer seg mellom 127°35'W og 114°12'W. Kysten i dette området ligg innanfor fleire store isdekte øyar og den særs store Getz isbrem. Kysten vart oppdaga av medlemmar av U.S. Antarctic Service, 1939-41, og delvis kartlagd frå flyfoto teken under Operation Highjump, 1946-47, begge ekspedisjonane leia av admiral Richard E. Byrd. US Geological Survey kartla ferdig kysten frå landmålingar og flyfoto frå U.S. Navy 1959-66.

Bakutis Coast vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names og kalla opp etter kontreadmiral Fred E. Bakutis, kommandant i U.S. Naval Support Force i Antarktis, frå 1965 til 1967.

Byrd Station ligg i dei indre områda innanfor Bakutis Coast, kring 500 km frå sjølve kysten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]