Bala Lake
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Bala Lake Llyn Tegid |
|
|---|---|
| Stad | Wales |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tilsig | River Dee |
| Utsig | River Dee |
| Tilknytte land | |
| Største lengde | 6,4 km |
| Største breidde | 1,6 km |
| Overflateareal | 4,84 km² |
| Største djupne | 42 m |
| Busetnadar | Bala |
Bala Lake (walisisk Llyn Tegid) er ein stor innsjø i Gwynedd i Wales. Det var den største naturlege innsjøen i Wales før vassnivået i innsjøen vart heva av Thomas Telford for å gje meir vatn til Ellesmere-kanalen. Han er 6,4 km lang og 1,6 km brei, og vert stundom råka av brå og farleg flaum. River Dee renn gjennom innsjøen og vatnet er kjend for å vere djupt og klårt. Byen Bala ligg ved den nordlege breidda og Bala Lake Railway går fleire kilometer langs sørsida av innsjøen.[1]
Bala Lake er rik på gjedde, åbor, karpe, aure, ål og sik. Her finst òg det sjeldne blautdyret Myxas glutinosa - ein klebrig snigl.
Fleire selskap driv utleige av kajakk og andre typar båtar ved innsjøen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bala Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Bala Lake Railway». http://www.bala-lake-railway.co.uk. Henta 3. september 2010.