Balaserien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Balaserien er ei gruppe av mørk skifer og sandstein med lag av kalkstein som finst ved Bala i Gwynedd i Nord-Wales. Balaserien vart avsett i slutten av ordovicium, og tilsvarande avsetningar finst mellom anna i Skottland og Sør-Wales. Bala-kalkstein er 6-12 m tjukk. Han består mellom anna av Hirnant-kalkstein, som er ein tynn kalkhorisont som ligg over 430 meter med Bala-skifer. Nedst finn ein fleire hundre meter med skifer, tuff og lava.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]