Baldersteinen

Koordinatar: 61°11′06″N 6°48′18″E / 61.185°N 6.8051°E / 61.185; 6.8051
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°11′06″N 6°48′18″E / 61.185°N 6.8051°E / 61.185; 6.8051

Baldersteinen

StadSogndal, Vestland
Kart
Baldersteinen
61°11′06″N 6°48′18″E / 61.185°N 6.8051°E / 61.185; 6.8051

Baldersteinen, òg kalla Fritjofsteinen, er ein bautastein som er plassert i Baldershagen i Sogndal kommune. Denne bautaen skal vere den største i sitt slag i landet, og er 7,8 meter høg og 1,25 meter brei. Ein reknar med at steinen er frå åra 500-800 e. Kr., og at han har stått på eller attmed ein gravhaug som seinare vart øydelagd ved dyrking, men det er i røynda ikkje lett å tidfeste bautasteinar som ikkje har innskrift eller anna som ein kan halde seg til. Baldersteinen er eit freda kulturminne.[1]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Baldersteinen

Baldersteinen ligg på nedsida av riksveg 55 rett ved den nye kyrkjegarden i Leikanger. Området har vore ein del av Husabø, den sentrale garden på Leikanger. Husabø var kongeleg setegard i mellomalderen, og vart også nytta som veitslegard for kongen og hans sendemenn i dei åra då Noreg vart samla til eitt rike.[2]

Baldershagen[endre | endre wikiteksten]

Baldershagen har fått namnet sitt etter den svenske nasjonalskalden Esaias Tegnér (1782–1846) som i si moderne framstilling av den islandske Soga om Fridtjov den frøkne, diktsyklusen «Frithiofs Saga», hevda at Fridtjov den frøkne budde på Husabø på ein stad som i romanen vert kalla Baldershage. Dette er mest sannsynleg rein fiksjon, for det finst ikkje skriftlege kjelder som stadfester dette. Men lenge før Tegnér dikta om Fridtjof skreiv prosten Iver Erikssøn Leganger (1629–1702) om ei lita elv på staden som heiter «Baldersgrovi», og at det står ein stor bautastein like ved elva.[3]

Kultstad[endre | endre wikiteksten]

Namnet Baldersteinen finn ein ikkje brukt før på 1900-talet, men fleire av dei andre Balder-namna i området er eldre, som «Baldersgrovi» og «Baldershagen» nemnd over. Andre namn som har vorte registrert i skriftlege kjelder er Baldershaugane og Beldervoll. Desse mange Baldernamna kan tyde på at det i førkristen tid var ein kultstad for den gamle åsatrua og guden Balder, og at Baldersteinen kan ha samanheng med dette.[4]

Gravhaug[endre | endre wikiteksten]

Gravrøys i Baldershagen.

I samband med utgraving i høve anlegg av ny kyrkjegard i 1994 kom det for dagen eit stort jernaldergravfelt med forseggjorde gravminne. Arkeologane meiner at Baldersteinen står på restane av ein gravhaug frå perioden 500-800 som er delvis øydelagd av husbygging og dyrking.[5]

I dag kan ein sjå restar etter fleire gravrøyser på den nye kyrkjegarden i Baldershagen, og ved ei av gravrøysene er det reist tre steinar som er funne i området.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Baldersteinen måla av Hans Leganger Reusch (1800–1854).
«Der Balderstein im Sognefjord». Baldersteinen i eit tysk tidsskrift frå 1876.

Baldersteinen er blitt måla av Hans Leganger Reusch (1800–1854). På det nasjonalromantiske bildet er bautasteinen plassert lenger frå kyrkja enn i røynda.

Balder Brygg bruker Baldersteinen som motiv på ølflaskene sine.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Riksantikvaren sitt Kulturminnesøk «Baldershagen»
  2. Sogn og Fjordane Fylkesleksikon «Kongsgard på Husabø»
  3. Sogn og Fjordane Fylkesleksikon «Baldershagen på Husabø»
  4. Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Baldersteinen»
  5. Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Baldersteinen»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Baldersteinen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren