Balearane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Balearane
katalansk Illes Balears
Islas Baleares
Flagget til Balearane Våpenet til Balearane
Flagget til Balearane Våpenet til Balearane


Plassering
Plassering av  Balearane
Styresmakter
Provinsar 1
Hovudstad Palma
President Francesc Antich Oliver (PSIB-PSOE)
Geografi
Flatevidd
4 992 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

1 071 221
  214,6 /km²
Koordinatar 39°30′″N 3°00′″EKoordinatar: 39°30′″N 3°00′″E
Annan informasjon
Postnummer IB
Nettstad: www.caib.es

Balearane (katalansk og offisielt:[1] Illes Balears; spansk: Islas Baleares) er ei øygruppe vest i Middelhavet, nær kysten av Den iberiske halvøya.

Øygruppa er ein autonom region og ein provins i Spania med Palma som hovudstad. Dei fire største øyane i øygruppa er Mallorca, Menorca, Ibiza og Formentera. Øygruppa har to offisielle språk, spansk og katalansk.

Localització de Mallorca.png Mallorca.jpg Flag of Mallorca.svg Mallorca
Localització de Menorca.png Menorca.jpg Bandera de Menorca.svg Menorca
Localització d'Eivissa.png Ibiza.jpg Ibiza flag.svg Ibiza
Localització de Formentera.png Ibiza.jpg Ibiza flag.svg Formentera
Localització de Cabrera.png Archipiélago de Cabrera.jpg Vlag ontbreekt.svg Cabrera

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner lite til dei tidlegare innbyggjarane på øya, men det finst mange segner.

Kart over Balearane

I antikken bygde øybuarane på Mallorca og Minorca talayotar og var kjende for å vere dyktige med slynger. Med slyngene sine tente dei som leigesoldatar, først under Kartago og seinare under romarane.

fønikarane tok tidleg over øyane[2] og spor etter koloniseringa deira er bevart i byen Mago (MahonMenorca). Etter Kartago fall, vart øyane i praksis sjølvstendige. Romarane erobra øyane med Q. Caecilius Metellus, som så fekk etternament Balearicus, i 123 f.kr.[3] Metellus let 3000 romerske og spanske nybyggjarar slå seg ned på den større øya og grunnla byane Palma og Pollentia.[4] Øyane høyrte under Romarriket til Carthago Nova (i dag den moderne Cartagena) i provinsen Hispania Tarraconensis. Dei vart seinare ein eigen provins, truleg i samband med delinga av riket under Konstantin.[5]

Dei to største øyane hadde mange gode hamner, men med mange klipper ved innseglinga måtte ein ofte vere forsiktig. Begge øyane var særs frodige og dei vart godt likt for både det dei dyrka og dyra dei avla. Det viktigaste mineralproduktet var raudjord, kalla sinope, som vart nytta av målarar.[6]

Delen av Middelhavet aust for Spania, rundt Balearane, vart kalla Mare Balearicum [7] eller Sinus Balearicus.[8]

Tida etter Romarriket[endre | endre wikiteksten]

I kaoset rundt Romarriket sitt fall vart øyane erobra av vandalar. Dei vart så gjenerobra av Austromarriket, men fall raskt til maurarane etter erobringa deira av Iberia

Mellom 1113 og 1115 gjorde ein flåte frå Toscana og Lombardia, leia av Ugo da Parlascio Ebriaco og erkebiskop Pietro Moriconi frå Republikken Pisa, ein suksessrik ekspedisjon til Balearane. Ekspedisjonen vart utført med støtet frå Konstantin I av Logudoro og basen hans i Porto Torres.

På 1200-talet erobra kong James I av Aragon øyane og Kongedømet Mallorca vart oppretta, men dette vart nedlagd i 1344 og ein del av Krona Aragon, som seinare vart slått saman med Krona Castilla etter Isabella av Castilla og Ferdinand II av Aragon gifta seg. Desse danna det nye Spania.

Balearane var ofte utsett frå berbiske sjørøvarar frå Nord-Afrika og Formentera vart til og med heilt forlatt av innbyggjarane. I 1514, 1515 og 1521 vart kysten av Balearane og det spanske fastlandet plyndra av tyrkiske kaperar og den osmanske admiralen Hayreddin Barbarossa.

Øya Menorca vart eit britisk usjølvstendige område gjennom det meste av 1700-talet som følgje av Utrecht-traktaten, då Spania avstod Gibraltar og Menorca Til Storbritannia etter den spanske arvefølgjekrigen. Øya vart til slutt permanent avstått til Spania med Amiens-traktaten i 1802 under dei franske revolusjonskrigane.

Geografi, politikk og kultur[endre | endre wikiteksten]

Serra de Tramuntana, ei fjellkjede på Mallorca

Sjølve Balearane er Mallorca og Menorca, samt andre mindre øyar, som i lag dannar eit autonomt område i Spania. Dei største øyane i regionen er Mallorca, Menorca, Ibiza, Formentera, som alle er populære turistdestinasjonar. Av dei mindre øyane finn ein Cabrera, som ligg i Parc Nacional de l'Arxipèlag de Cabrera. Øyane kan vidare delast inn i Islas Gimnesias med Mallorca, Menorca og Cabrera, og Pityusarane med Ibiza og Formentera.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Balearane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ley 3/1986, de 19 de abril, de normalización linguística. Ley 13/1997, de 25 de abril, por la que pasa a denominarse oficialmente Illes Balears la Provincia de Baleares. Ley Orgánica 1/2007, de 28 de febrero, de reforma del Estatuto de Autonomía de las Illes Balears.
  2. Strabius iii. s. 167, 168.
  3. Livius Epit. Ix.; Freinsh. Supp. lx. 37; Florus, Strabo ll. cc.
  4. Strabo, Pomponius Mela, Plinius den eldre.
  5. Notitia Dignitatum Occid. c. xx. vol. ii. s. 466, Böcking.
  6. Plinius xxxv. 6. s. 13; Vitruv. vii. 7.
  7. τὸ Βαλλεαρικὸν πέλαγος, Ptol. ii 4. § 3.
  8. Flor. iii. 6. § 9.