Balearlire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Balearlire
Balearlire
Balearlire
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av Balearlire
Utbreiinga av Balearlire
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Puffinus
Art: Balearlire P. mauretanicus
Vitskapleg namn
Puffinus mauretanicus

Balearlire (Puffinus mauretanicus) er ei mellomstor lire i stormfuglfamilien, Procellariidae, ein familie av utprega pelagiske artar. Leveområdet er Middelhavet rundt Balearane, men nokre vandrar ut i Atlanteren.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

I lang tid vart balearlira rekna som ein underart av havlire (Puffinus puffinus). Når den klassiske inndelinga av komplekset havlire kom i gang, blei balearlire først kategorisert som underart av middelhavslire (Puffinus yelkouan)[1] i nesten ti år innan det blei slått fast at det dreier seg om ein distinkt art.[2][3][4]

Forsking ymtar om at ho er medlem av ei nærskyld slekt av lirer i Middelhavet, og i tilgrensa område i Atlanteren, som omfattar middelhavslire (Puffinus yelkouan)[5] og eit til tre førhistorisk utdøydde takson, Puffinus holeae[6], og kanskje Puffinus olsoni[7] og ei ikkje skildra form med usikker taksonomisk status frå Menorca[8]. Dei to utviklingslinjene av lirer i Middelhavet skilde truleg lag mot slutten av pliocen (ca. 2 millionar år sidan), noko som blir antydd av molekylære skilnadar saman med fossil på Ibiza av arten Puffinus nestori, frå sein pliocen, eller tidleg pleistocen, og som kan vere forfedrar til dagens artar i området.[3]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten hekkar på øyar og klippekystar i Balearane og storparten overvintrar i havet i dette området, men nokre migrerer til Atlanteren under seinsommaren og når så langt nord som Dei britiske øyane.

Det finst minst ein koloni på Menorca, der både balearlirer og middelhavslirer hekkar. Vinterkvarteret for dei to artane overlappar kvarandre i dei sentrale delar av Middelhavet.[9]

I norske farvatn[endre | endre wikiteksten]

I Norsk Ornitologisk Forening og Artsdatabanken sitt rapportsystem for fuglar er det meldt inn 16 observasjonar av einslege balearlirer i åra frå 2005 til 2011. Jamstilt med over 2500 grålirer, så er dette talet lågt. Dei fleste er observerte i Rogaland og Vest-Agder, og frå slutten av juli til midten av september månad. Den eldste registreringa av balearlire i norske farvatn er frå Revtangen i Klepp kommune, 18. juli 1968.[10]

Utsjånad, læte og feltkjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Med unnatak frå den mindre kontrastrike fjørdrakta, så er denne arten mykje lik middelhavslire, og jamvel i visse fall òg grålire. Balearlira er ca. 35–40 cm lang med eit vengespenn på 85–90 cm. Ho har ei typisk lireflukt, glideflyg på stive venger, kantrar frå den eine sida til den andre med svært få vengeslag, og med vengspissane nesten ned i vatnet. I denne flukta har ho ei krossform med vengene rett ut frå kroppen. Eit feltkjenneteikn er òg at dei ikkje følgjer båtar.

Ho er vanlegvis gråbrunsvart på oversida og skittenkvit på undersida, men det finst jamvel individ som er mørkare på undersida og kan dermed forvekslast med grålira.[11]

Til havs er ho tyst, men i hekkekoloniane om natta gjer ho i frå seg høgt, kaklande læte som er lysare enn læta frå middelhavslire.

Ho hekkar i jordhòler som dei berre besøker om natta for å unngå predasjon frå framfor alt større måsar. Ho et fisk og blautdyr.

Status og truslar[endre | endre wikiteksten]

Populasjonen er estimert til 13 000-20 000 (2011) og er minkande.[12] Arten er sterkt trua på grunn av auke av ferieanlegg nær hekkeområda, men òg på grunn av predasjon av dyr som kattar og rotter. Observasjonar av balearlira i kolonien på Minorca tyder på at hybridisering kan gjere ut trugsmål mot arten.[9] Balearlira er lista på IUCN si raudliste som kritisk trua (CR).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Delvis omsett frå engelsk Wikipedia, artikkelen Balearic Shearwater, lest 1. august 2007
  • Anders Blomdahl, Bertil Breife & Niklas Holmström (2003) Flight Identification of European seabirds, Christopher Helm, London, side: 72-73, ISBN 0-7136-6020-1

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sibley, Charles Gald & Monroe, Burt L. Jr. (1990) Distribution and taksonomy of the birds of the world. Yale University Press, New Haven, CT. ISBN 0-300-04969-2
  2. 'Wink, Michael; Heidrich, Petra & Ristow, D. (1993) Genetic evidence for speciation of the Manx shearwater (Puffinus puffinus) and the Mediterranean Shearwater (P. yelkouan). Die Vogelwelt, vol.114, nr.6 sid:226-232. [Engelsk artikkel med tysk samanfatting] PDF fulltext
  3. 3,0 3,1 Heidrich, Petra; Amengual, José F. & Wink, Michael (1998) Phylogenetic relationships in Mediterranean and North Atlantic shearwaters (Aves: Procellariidae) based on nucleotide sequences of mtDNA. Biochemical Systematics and Ecology, vol.26, nr.2 sid:145–170. DOI10.1016/S0305-1978(97)00085-9 PDF fulltext
  4. Sangster, George; Knox, Alan G.; Helbig, Andreas J. & Parkin, David T. (2002) Taxonomic recommendations for European birds. Ibis, vol.144, nr.1, sid:153–159. DOI10.1046/j.0019-1019.2001.00026.x PDF fulltext Arkivert 2019-09-13 ved Wayback Machine.
  5. Austin, Jeremy J. (1996) Molecular Phylogenetics of Puffinus Shearwaters: Preliminary Evidence from Mitochondrial Cytochrome b Gene Sequences. Molecular Phylogenetics and Evolution, vol.6, nr.1, sid:77–88. DOI [1] (samanfatting)
  6. Walker, Cyril A.; Wragga, Graham M.; Harrison, Colin J. O. (1990) A new shearwater from the pleistocene of the canary islands and its bearing on the evolution of certain puffinus shearwaters, Historical Biology, vol.3, nr.3, sid:203-224, doi:10.1080/08912969009386522 (samanfatting)
  7. McMinn M, Jaume D, Alcover J.A. (1990) Puffinus olsoni n. sp.: nova espècie de baldritja recentment extinguida provinent de depòsits espeleològics de Fuerteventura i Lanzarote (Illes Canàries, Atlàntic Oriental). Endins, vol.16, sid:63-71
  8. Alcover, Josep Antoni (2001) Nous avenços en el coneixement dels ocells fòssils de les Balears. Anuari Ornitològic de les Balears, vol.16, sid:3-13. [Artikel på katalansk med engelsk samanfatting] PDF fulltext
  9. 9,0 9,1 Genovart, Meritxell; Juste, Javier & Oro, Daniel (2005) Two sibling species sympatrically breeding: a new conservation concern for the critically endangered Balearic shearwater. Conservation Genetics, vol.6, nr.4, sid:601–606. doi:10.1007/s10592-005-9010-z (samanfatting)
  10. Rapportsystemet for fugler systemet samlar informasjon lagt inn av friviljuge observantar og tala representerer ikkje eit perfekt statistisk utval av fuglar som faktisk passerer kysten. Observasjonar henta frå systemet 16. juni 2012
  11. Anders Blomdahl, Bertil Breife & Niklas Holmstrøm (2003) Flight Identification of European seabirds, Christopher Helm, London, sid:72-73, ISBN 0-7136-6020-1
  12. BirdLife International, 2012