Baleshare

Koordinatar: 57°32′N 7°22′W / 57.53°N 7.37°W / 57.53; -7.37
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baleshare
Lokalt namn Am Baile Sear
Geografi
Baleshare is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°32′N 7°22′W / 57.53°N 7.37°W / 57.53; -7.37
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 9,10 km²

Høgaste punkt 12 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Største busetnad Samhla

Demografi
Folketal 49 (2001)
Folketettleik 15,8 /km²

Baleshare (skotsk-gælisk Baile Sear) er ei flat tidvassøy i Ytre Hebridane i Skottland.

Den einaste telefonkiosken på Baleshare

Baleshare ligg sørvest for North Uist. Økonomien og samfunnet nøyt godt av ei vegfylling som vart bygd til øya i 1962. Den 350 meter lange vegfyllinga vart bygd av William Tawse Ltd.[1] Øya er særs flat samanlikna med resten av Hebriadne, og er berre 12 meter over havet på det høgaste. Ho er òg kjend for dei lange sandstrendene. I 2001 budde det 49 menneske på øya i dei to busetnadane Samhla og Teananachar.

Namnet på dei to grendene tyder «austgarden» og «austbyen». «Vestbyen» kan ein gong ha eksistert vest på Baleshare, men vestsida av øya vart vaska bort på 1500-talet, og det var då mogeleg å gå over til Monach Islands ved lågvatn.[2] Monachs-øyane ligg 15 km mot vest. Ei anna soge fortel at det ein gong var ei landbru over til Kirkibost, 100 meter mot nord.[3]

Det er funne spor etter to førhistoriske busetnader, med restar av eit sirkelforma steinhus og delar av keramikk, bein og metall. Som med andre stader i området er dei truga av kysterosjon.[4][5]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Baleshare Causeway». Gazetteer for Scotland. Henta 25. februar 2010. 
  2. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  3. «Western Isles: Baleshire». BBC Scotland. Henta 25. februar 2010. 
  4. Jamie Beatson (30. mai 2007). «History at risk from erosion by the sea». The Scotsman. Henta 25. februar 2010. 
  5. Barber, John (2003) Bronze Age Farms and Iron Age Farm Mounds of the Outer Hebrides. Scottish Archaeological Report 3. (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 10. august 2007, henta 25. februar 2010