Balestrand kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°14′N 6°26′E

Balestrand kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1418
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Balestrand
Areal 430 km²
Folketal 1 344 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Harald Norvald Offerdal (Ap)
Målform Nynorsk
Nettstad www.balestrand.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1418.svg
Balestrand kommune på Commons

Balestrand er ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Han ligg nord for den midtre delen av Sognefjorden.

Kommunen grensar i nord til Førde, i aust til Sogndal og Leikanger, i sør til Vik (sør for Sognefjorden), og i vest til Høyanger og Gaular. Balestrand er òg eit prestegjeld og kyrkjesokn i Ytre Sogn prosti.

Innhaldsliste

[endre] Kommunesoge

Balestrand kommune vart oppretta i 1850 ved at området vart skild ut frå Leikanger kommune. Ved opprettinga budde det 2122 personar i Balestrand kommune.[2] I 1964 var det større endringar i utstrekkinga til Balestrand og dei omliggjande kommunane. Vangsnes sokn, med 189 innbyggjarar, på sørsida av Sognefjorden vart overførd frå Balestrand til Vik kommune. Området Hella til Eitorn, med 31 innbyggjarar, på austsida av Fjærlandsfjorden vart overførd frå Balestrand til Leikanger kommune. Kvamsøy sokn, med 363 innbyggjarar, vart overførd frå Vik kommune til Balestrand.[3] I 2000 vart Fjærland sokn overførd frå Balestrand til Sogndal kommune.[4]

[endre] Balestrand prestegjeld og sokn

Kvamsøy kyrkje frå slutten av 1200-talet

Balestrand prestegjeld vart oppretta samstundes med Balestrand kommune og fekk same utstrekkinga. Frå opprettinga og fram til og med 1963 hadde prestegjeldet sokna Tjugum, Vangsnes og Fjærland (fram til 1861 kalla Mundal sokn). Frå og med 1964 høyrde Vagnsnes til Vik prestegjeld medan Kvamsøy sokn høyrde til Balestrand.[5] Fjærland sokn vart i 2000 overførd til Sogndal prestegjeld[6] og dei to gjenverande sokna i prestegjeldet vart slege saman til eitt Balestrand sokn. Frå 2000 har det vore tre kyrkjer i soknet, Kvamsøy kyrkje, Sæle kyrkje og Tjugum kyrkje. Fjærland kyrkje høyrde til Balestrand prestegjeld frå 1850 til og med 1999, og Vangsnes kyrkje høyrde til Balestrand prestegjeld frå 1850 til og med 1963. Frå 2004 vert prestetenesta i Balestrand leia av prosten i Ytre Sogn prosti og Balestrand prestegjeld er nedlagt.

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

Spire Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk