Bali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bali på kart over Indonesia

Bali er ei øy og ein provins i Indonesia. Ho er ein del av ei øyrekkje der Java ligg vest og Lombok aust for henne.

Bali har ein folkesetnad på 3,6 millionar menneske der fleirtalet er hinduar. Ho er kjend for ei rekkje særmerka kunstformer innan musikk, dans, skulptur, biletkunst, lêr- og metallarbeid, mellom anna gamelanmusikk og balinesisk skuggeteater. Øya har mykje turisme og er kjend som ei tropisk paradisøy. Sidan 2002 er ho òg blitt eit bombemål for islamistiske terroristar.

Dei viktigaste byane på Bali er den nordlege hamnebyen Singaraja og hovudstaden Denpasar, som ligg nær kysten i sør. Ubud blir sett på som eit kulturelt midtpunkt på Bali.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den kvite "hemmelege" stranda i Padangbai.
Gunung Batur

Øya er 153 km lang og 112 km brei med ein flatevidde på 5 700 km². Ho ligg om lag 8 grader sør for ekvator, 3,2 km aust for Java.

Bali er vulkansk, men omringa av korallrev. Sørsida har kvite strender medan nordsida som oftast har svart, vulkanisk sand. Ein fjellkjede går frå midten av øya til austsida. Den austlegaste toppen er den aktive vulkanen Agung, på 3 148 meter, som òg er det høgaste punktet på øya. Den større og nedslitte, men fortsatt aktive vulkanen Batur i same fjellkjeda stod for 30 000 år sidan for eitt av dei største utbrota på jorda.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

I følgje tal frå 2003 hadde Bali rundt 3,57 millionar innbyggjarar. Hovudspråka er balinesisk og indonesisk med engelsk som eit viktig tilleggsspråk på grunn av turismen. Det er vanleg å kunna fleire språk.

Balinesisk hinduisme er den viktigaste religionen på øya, med 92 % av folket i denne gruppa, medan det finst grupper av mindre religionar, som islam (5,7 %), kristendom (1,4 %) og buddhisme (0.6 %) (2003).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya blei truleg først busett rundt 2 500 f.Kr. Den førhistoriske tida tok slutt rundt 100 f.Kr. då hinduar frå India kom til øya og tok med seg brahmiskrifta, som ein kan finna på keramikkrestar.

Vernestatue frå slottet i Ubud.

Majapahitriket på Aust-Java grunnla ein koloni på Bali i 1343. Då riket fall kort tid før 1500 flykta mange av innbyggjarane til øya.

I 1597 kom den nederlandske oppdagaren Cornelis de Houtman til Bali, og kort tid etter grunnla nederlendarane ein handelsstasjon der. Nederland festa grepet på Bali i løpet av det neste hundreåret, og stod som klar herskar etter ei rekkje kolonikrigar i 1846-1849. Desse krigane hadde likevel vore krevjande nok til at koloniherrane let øya halda på mykje av sjølvstyret og dei religiøse og kulturelle tradisjonane sine.

Bali blei del av den austindonesiske republikken etter å ha blitt erorbar av japanske styrker under den andre verdskrigen, og blei del av øyrepublikken Indonesia i 1948.

I oktober 2002 blei øya råka av ei bilbombe i turistområdet Kuta som drap 202 menneske. Eit nytt åtak på Kuta og Jimbaran i oktober 2005, der 20 menneske blei drepne, stadfesta at Bali var blitt eit ynda mål for terroristar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bali