Ballad of Easy Rider
| Ballad of Easy Rider Singel av The Byrds frå albumet Ballad of Easy Rider |
||
| B-side | «Oil in My Lamp» «Wasn't Born to Follow» |
|
|---|---|---|
| Utgjeve | 1. oktober 1969 | |
| Innspelt | 18. juni 1969, Columbia Studios, Hollywood i California | |
| Sjanger | Countryrock | |
| Lengd | 2:01 | |
| Selskap | Columbia | |
| Låtskrivar(ar) | Roger McGuinn Bob Dylan (ikkje tilskriven) |
|
| Produsent | Terry Melcher | |
| The Byrds-kronologi | ||
| «Wasn't Born to Follow» (1969) |
Ballad of Easy Rider | «Jesus Is Just Alright» (1969) |
«Ballad of Easy Rider» er ein song skriven av Roger McGuinn med hjelp frå Bob Dylan (sjølv Dylan ikkje er nemnd som medlåtskrivar) for filmen Easy Rider frå 1969.[1] Songen kom første gong ut i august 1969 på filmmusikkalbumet til Easy Rider som eit solospor av Roger McGuinn.[2] Ei nyinnspelt utgåve vart sida spelt inn av bandet til McGuinn, The Byrds og gjeven ut på singel i oktober 1969.[3][4] Byrds-singelen nådde 65. plass på den amerikanske singellista.[5][6] Redaktøren i Rolling Stone David Fricke har sagt at songen fanga den sosiale stemninga på slutten av 1969 på ein perfekt måte.[7]
[endre] Andre utgåver
«Ballad of Easy Rider» vart òg spelt inn av det britiske folkrockbandet Fairport Convention og versjonen deira av songen vart gjeven ut som bonusspor på 2003-utgåva av albumet deira Unhalfbricking frå 1969.[8] Vise- og bluessongaren Odetta spelte òg inn ei utgåve av songen i 1969. Andre artistar som har spelt songen er Percy Faith, Bruce Springsteen, Tom Petty and the Heartbreakers, Grant McLennan og Kathryn Williams
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ballad of Easy Rider» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Rogan, Johnny. (1997). Ballad of Easy Rider (1997 CD liner notes).
- ↑ "Easy Rider Soundtrack review". Allmusic. http://www.allmusic.com/album/easy-rider-r286603. Henta 19. oktober 2010.
- ↑ Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. s. 298–299. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 222–223. ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ "The Byrds Billboard Singles". Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/the-byrds-p3810. Henta 19. oktober 2010.
- ↑ Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. s. 542–544. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ Fricke, David. (1997). Ballad of Easy Rider (1997 CD liner notes).
- ↑ "Unhalfbricking (UK Bonus Tracks) review". Allmusic. http://www.allmusic.com/album/unhalfbricking-uk-bonus-tracks-r631801. Henta 19. oktober 2010.