Ballad of Easy Rider av The Byrds
| Ballad of Easy Rider Studioalbum av The Byrds |
||
| Utgjeve | 10. november 1969 | |
| Innspelt | 17. juni til 26. august 1969, Columbia Studios, Hollywood i California | |
| Sjanger | Rock, countryrock | |
| Lengd | 33:55 | |
| Selskap | Columbia | |
| Produsent | Terry Melcher | |
| The Byrds-kronologi | ||
|---|---|---|
| Preflyte (1969) |
Ballad of Easy Rider | (Untitled) (1970) |
Ballad of Easy Rider er det åttande albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i november 1969 på Columbia Records.[1] Albumet er kalla opp etter songen «Ballad of Easy Rider», som vart skriven av The Byrds-gitaristen og songaren Roger McGuinn (med hjelp frå Bob Dylan), som kjenningsmelodien til filmen Easy Rider i 1969.[2] Tittelen vart valt for å prøve å utnytte suksessen til filmen, sjølv om det meste av musikken på albumet ikkje hadde noko med filmen å gjere.[3][4] Tilknytta til Easy Rider hjelpte The Byrds og albumet vart det mest seljande dei hadde hatt i USA på fleire år.[3]
Albumet nådde 36. plass på den amerikanske albumlista og 41. plass i Storbritannia.[5][6] Tittelsporet vart gjeve ut som singel i oktober 1969 og klarte seg greit.[1][7] Ein annan singel frå albumet, «Jesus Is Just Alright», kom ut i desember 1969, men nådde berre 97. plass på den amerikanske singellista.[1][7] Albumet var det andre albumet som vart innspelt med den nye besetninga med Roger McGuinn, Clarence White, Gene Parsons og John York, men York vart sparka frå bandet kort tid etter albumet var ferdig.[8] Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut, men vert i dag rekna som eit av dei sterkaste albuma deira frå den siste halvdelen av karrieren.[9]
Innhald[endre]
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Ballad of Easy Rider» (Roger McGuinn, Bob Dylan) | 2:01 | |||||||
| 2. | «Fido» (John York) | 2:40 | |||||||
| 3. | «Oil in My Lamp» (trad. arr. Gene Parsons, Clarence White) | 3:13 | |||||||
| 4. | «Tulsa County Blue [aka Tulsa County]» (Pamela Polland) | 2:49 | |||||||
| 5. | «Jack Tarr the Sailor» (trad. arr. Roger McGuinn) | 3:31 | |||||||
| 6. | «Jesus Is Just Alright» (Arthur Reynolds) | 2:10 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «It's All Over Now, Baby Blue» (Bob Dylan) | 4:53 | |||||||
| 8. | «There Must Be Someone (I Can Turn To)» (Vern Gosdin, Cathy Gosdin, Rex Gosdin) | 3:29 | |||||||
| 9. | «Gunga Din» (Gene Parsons) | 3:03 | |||||||
| 10. | «Deportee (Plane Wreck at Los Gatos)» | 3:50 | |||||||
| 11. | «Armstrong, Aldrin and Collins» (Zeke Manners, Scott Seely) | 1:41 | |||||||
Medverkande[endre]
- The Byrds
- Roger McGuinn - gitar, vokal
- Clarence White - sologitar, vokal
- John York - elektrisk bass, vokal
- Gene Parsons - trommer, gitar, banjo, vokal
- Andre medverkande
- Byron Berline - fele på «Tulsa County Blue»
- Glen D. Hardin - orgel på «Gunga Din»
- Terry Melcher - korvokal på «It's All Over Now, Baby Blue»
- strykarar på «Ballad Of Easy Rider» og «Jesus Is Just Alright»
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ballad of Easy Rider (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Rogan, Johnny, The Byrds: Timeless Flight Revisited, Rogan House, 1998, ISBN 0-95295-401-X
- Hjort, Christopher, So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973), Jawbone Press, 2008, ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 542–547. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ Rogan, Johnny. (1997). Ballad of Easy Rider (1997 CD liner notes).
- ↑ 3,0 3,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. ss. 226–227. ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ «Ballad of Easy Rider». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. http://ebni.com/byrds/lpboer.html. Henta 19. oktober 2010.
- ↑ «The Byrds Billboard Albums». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/the-byrds-p3810. Henta 19. oktober 2010.
- ↑ Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8.
- ↑ 7,0 7,1 «The Byrds Billboard Singles». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/the-byrds-p3810. Henta 19. oktober 2010.
- ↑ Fricke, David. (1997). Ballad of Easy Rider (1997 CD liner notes).
- ↑ «Ballad of Easy Rider review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/ballad-of-easy-rider-r3068. Henta 19. oktober 2010.