Ballblombukk
| Ballblombukk | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Arthropoda | |
| Underrekkje: | Hexapoda | |
| Klasse: | Insecta | |
| Orden: | Coleoptera | |
| Familie: | Cerambycidae | |
| Slekt: | Brachyta | |
| Vitskapleg namn | ||
| Brachyta interrogationis | ||
Ballblombukken er ei bille i trebukkfamilien. Han er utbreidd over heile Eurasia frå Mellom-Europa til Japan. Han førekjem òg i Noreg, der han kan vera lokalt vanleg frå Hedmark til Finnmark. Utbreiinga hans er ganske austleg her i landet.
Levesett [endre]
Ballblombukken har fått namnet sitt fordi han er mest karakteristisk når ein finn han på blomane til ballblom. Arten vitjar òg mange andre slags blomar. Vertsplanten er tilmed ein urtevekst; han går hovudsakleg på skogstorkenebb (Geranium sylvaticum). Dei vaksne billene legg egga sine ved rota til planten, og larvane gneg på røter og rhizom; først innanifrå og seinare frå utsida. Det er òg kjend at han har gått på furu og bjørk.
Forpuppinga skjer i jorda. Det er registrert store geografiske skilnadar i tidspunkt for forpupping og klekking i dei ulike delane av utbreiingsområdet.
Kjelder [endre]
- Kvamme, Torstein: FORSIDEDYRET (Evodinus interrogationis) i Insekt-Nytt #1 1982
- Norges Biller