Ballon d'Alsace

Koordinatar: 47°49′20″N 6°50′42″E / 47.82222°N 6.84500°E / 47.82222; 6.84500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ballon d'Alsace
fjell
Land  Frankrike
Fjellkjede Vogesane
Høgd 1 247 moh.
Primærfaktor 211 m
Koordinatar 47°49′20″N 6°50′42″E / 47.82222°N 6.84500°E / 47.82222; 6.84500
Kart
Ballon d'Alsace
47°49′20″N 6°50′43″E / 47.822222222222°N 6.8452777777778°E / 47.822222222222; 6.8452777777778
Wikimedia Commons: Ballon d'Alsace

Ballon d'Alsace er eit fjell på grensa mellom Alsace, Lorraine og Franche-Comté. Frå toppen kan ein sjå Vogesane, Rhindalen, Schwarzwald og Alpane. Fjellet er 1 247 moh, og har ein primærfaktor på 211 meter. Ein veg passerer nær toppen i ei høgd på 1 171 moh.

Ballon d'Alsace er kjend for å ha hatt den første offisielle klatreetappen i Tour de France. Det skjedde 10. juli 1905, og vart vunne av René Pottier. Etappe 9 i 2005-utgåva av Tour de France kryssa dette passet på hundreårsdagen etter den første etappen her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]