Ballyshannon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ballyshannon
busetnad
Land  Irland
Kart
Ballyshannon
54°30′05″N 8°12′06″W / 54.5015°N 8.2018°W / 54.5015; -8.2018
Wikimedia Commons: Ballyshannon

Ballyshannon (Béal Átha Seanaidhirsk) er ein by med 2 232 innbyggarar i County Donegal i provinsen Ulster på nordvestkysten av Irland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg der dei irske riksvegane N3 og N15 kryssar elva Erne like ved utløpet til elva i Donegalbukta som munnar ut i Atlanterhavet.

Ballyshannon betyr 'Munningen ved Seannach sin vadestad', etter ein hærførar Seannach frå 400-talet som mista livet i kamp her.

Like vest for byen vidar elva Erne seg ut og slynger seg utover eit stort elvedelta med sand. Inne ved byen er det ein bratt elvebreidd på nordsida, medan på sørsida er det ei klippe langsetter den sørlege elvebreidda. Byen har utsikt utover elvedeltaet, fjellparti, skogar og innsjøar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne fleire brennegroper frå bronsealderen her, ein tredekt gangveg frå steinalderen, og nyare funn av ei tidlegare ukjend mellomalderkyrkje og ein kyrkjegard med mange skjelett estimert til å vera frå 1100 til 1400. I same område er det funne myntar frå regjeringstida til kong Henrik III (1251–1276) og kong Edvard I (1280–1302). Det vart òg funne beinknappar og nåler på likkleda. Mange av skjeletta hadde ein kvartsbit i hendene.

Ifølgje Ulster-soga (Annals of Ulster) gjek vikingane i 795 til åtak på øya Inishmurray. I 822 drog dei oppover elva Erne, og angreip og brente ned Devenish-klosteret. Både i 916 og i 923 plyndra ein flåte av framande øyane i Loch Erne og distrikta kring sjøen.

Devenish Island i nedre Lough Erne med rundtårn frå mellomalderen.

I 1211 marsjerte nordmennene frå busetjingane sine i Sligo til Ballyshannon. Då gav biskop de Grey i Norwich ordre til Gilbert de Angulo om å bygga ei festning ved Belleek nær Ballyshannon.

Frå 1100- til 1500-talet dreiv munkeordenen cisterciarane eit kloster som ein framleis kan sjå restar av.

Etter at vikingane forlét området, overtok ein keltisk krigarklan kalla O'Donnell som bygde ei borg her. I 1597 forsvarte dei seg mot og vann over engelske styrkar i slaget ved Ballyshannon.

Byen fekk kongeleg bybrev i 1613 og var britisk garnisonsby i mange år.

Under 2. verdskriga blei det oppretta ein luftkorridor for britiske jagarfly frå Nord-Irland ut i Atlanterhavet og tilbake. Ballyshannon-korridoren blei nytta av flya som oppdaga slagskipet «Bismarck».

Det blei bygd eit vasskraft-elektrisitetsverk i byen i 1950-åra. Det blei bygd ei demning litt opp i elva, og nedanfor blei elveløpet grave ut for å kunna nytta fallet i elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ballyshannon