Balor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Balor er ein krigs- og dødsgud[treng kjelde] i keltisk mytologi, spesielt kjend frå den irske mytologien. Han var son av Buarainech, og var gift med Cethlenn. Det fremste kjenneteiknet hans var at han var éinaugd, og at han normalt heldt dette auget lukka fordi alle som møtte blikket hans døydde.

Ifølge ein spådom skulle Balor bli drepen av dotter- eller sonesonen sin. Han låste difor dottera si Ethlinn inn i et tårn laga av krystall for å hindre at ho fekk born. Men Cian, en av Tuatha de Danaan, kom seg med hjelp frå druidinnen Birog inn i tårnet. Ethlinn fødde deira son, men Balor kasta guten i havet. Birog redda guten, og gav guten til Cian, som fekk han fostra hjå broren Goban. Balors dotterson fekk namnet Lugh Lamhfada, og vart rekna som ein av Tuatha de Danaan.

Lugh leia Tuatha de Danaan i andre slag ved Magh Tuireadh, der dei kjempa mot fomorane. Balor deltok sjølv i slaget, og vart avvæpna av Ogma. Guden brukte då blikket for å drepe kong Nuada. Lugh kasta då ein fortrolla stein i auget på han. Slik vart Balor drepen.

Balor i Dungeons & Dragons[endre | endre wikiteksten]

I fantasirollespelet Dungeons & Dragons er Balor namnet på ein av de sterkaste demonane, Tanar'ri. Karakteren har ingen openberr inspirasjon frå keltisk mytologi.