Balsatre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Balsa)
Balsatre
Balsatre
Balsatre
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kattostordenen Malvales
Familie: Kattostfamilien Malvaceae
Underfamilie: Bombacoideae
Slekt: Ochroma
Art: Balsatre O. pyramidale
Vitskapleg namn
Ochroma pyramidale

Balsatre (Ochroma pyramidale) er eit tropisk lauvtre i kattosfamilien, i underfamilien Bombacaceae. Arten stammar frå Karibia og Sør-Amerika, men blir no dyrka overalt i tropane for å gje skugge og til nyttebruk. Treet har store, handnerva blad og raudbrune blomar. Det veks svært raskt og kan under gunstige tilhøve bli opptil 15 m høgt med eit tverrmål på 50 cm i løpet av 5–6 år. Treet blir då rekna som moge for hogging.

Grein frå eit balsatre.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Balsa.

Veden, som blir kalla «balsa», er mjuk og ljos gråkvit med porer som dannar brune striper på flatene. Med ein densitet ved 15 % råme på ca 0,16 g/cm3 blir balsa rekna som eit av dei lettaste trevirka i verda. Det har dårlege styrkeeigenskapar; skruer og spikrar får dårleg feste. Lim derimot held godt. Det må særleg skarpt verktøy til for å bite på så mjukt virke som balsa.

Frå tørr tilstand vil virket suge opp store mengder vatn, medan det i fersk tilstand vil kunne halde seg flytande lengje, og har vore brukt til å laga båtar og flåtar. Kon-Tiki-flåten til Thor Heyerdahl (1947) var laga av balsatre.

Veden har vore brukt til flaskekorkar, og blir òg brukt som isolasjonsmateriale og til modellbygging og protesar. Balsa har òg vore nytta i romfart på grunn av den låge vekta si.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«balsatre» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Balsatre