Balsfjord kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 69°14′25″N 19°13′35″EMal:Koord/input/feil2

Balsfjord kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1933
Fylke Troms
Adm.senter Storsteinnes
Areal 1 442,7 km²
Folketal 5 497 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2003-2011) Gunda Johansen (Ap)
Målform Bokmål
Nettstad www.balsfjord.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1933.svg
Balsfjord kommune på Commons
For fjorden som kommunen har fått namn etter, sjå Balsfjorden.

Balsfjord (samisk: Báhccavuona, kvensk og finsk: Paatsivuono) er ein fjord- og landbrukskommune i Troms fylke. Han grensar i nord til Tromsø kommune, i aust til Storfjord, i sør til Målselv, og over fjordane i vest til Lenvik.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Helleristingar på Kirkelyfeltet på Tennes i Balsfjord.

Kommunen er dominert av dei to fjordane Balsfjorden og Malangen. Rundt fjordane er slake, fruktbare lier som gjev gode tilhøve for jordbruk. Dei sørlege delane av kommunen, mot Målselv, har mange store vatn: Sagelvvatn, Josefvatn, Indre og Ytre Fiskelausvatn, Takvatn og Fjellfrøsvatnet. Austover fører Balsfjordeidet over til Storfjord. Nordom dette eidet ligg dei sørlegaste fjella i Lyngsalpan der den 1505 meter høge Piggtind står på grensepunktet mellom Balsfjord, Tromsø og Lyngen kommunar. Heilt i søraust ligg Tamokdalen, omkransa av dei massive fjella som er karakteristisk for Indre Troms.

Malangen i den vestlege delen av kommunen var eigen kommune fram til 1964.

[endre] Tettstader og grender

Kommunen har to tettstader: Nordkjosbotn (402 innbyggjarar (2011)), som er eit viktig trafikknutepunkt med vidaregåande skule, og kommunesenteret Storsteinnes (953 innbyggjarar (2011)) med barne- og ungdomsskule.

Fjordmuseet på Storsteinnes, som er ein del av Midt-Troms Museum, viser naturhistorie.

[endre] Næringsliv

Balsfjord er den største landbrukskommunen i Nord-Noreg, og landbruk og tilhøyrande industri er dei viktigaste næringane i kommunen.

[endre] Historie

Balsfjord kommune vart oppretta i 1860, då han vart skild ut frå Tromsøysund kommune. Kommunen hadde då 3610 innbyggjarar. I 1871 vart Malangen skilt ut som eigen kommune. I 1875 vart eit område med 7 innbyggjarar overført til Balsfjord frå Lyngen kommune. I 1904 vart eit område med 5 innbyggjarar overført frå Balsfjord til Målselv kommune. 1. januar 1964 vart Malangen slått saman med Balsfjord att, men ein del av gamle Malangen kommune, med 118 innbyggjarar, og ein del av gamle Balsfjord kommune, med 2 innbyggjarar, vart samstundes overført til Målselv kommune. Eit ubebygd område vart òg overført til Storfjord kommune. 1. januar 1966 vart også Sørelvmo krins overført frå Balsfjord til Målselv kommune.

[endre] Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for noverande Balsfjord kommune frå 1910:

1910[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5][6] 1.1.1961[5][6] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
5106a 5430a 6105a 7419a 7485a 7275a 6734 6973 6319 5742 5515

a Dette talet omfattar Naveren og Målsnes, som var del av gamle Malangen kommune fram til kommunesamanslåingane i 1964, då dei vart overførte til Målselv kommune. Dette området hadde då 118 innbyggjarar. Det omfattar òg garden Skogli ved Heia, som var del av gamle Balsfjord kommune fram til 1964, då det vart overført til Målselv kommune. Dette området hadde då 2 innbyggjarar. Det omfattar òg Sørelvmo krins, som vart overført til Målselv kommune i 1966. Dette området hadde då 131 innbyggjarar.

[endre] Politikk

Parti Prosent Stemmer Plassar i by-/kommunestyret Medlemmer i
formannskapet
% ± totalt ± totalt ±
Arbeidarpartiet 30,9 2 692 -59 9 1 3
Fremskrittspartiet 14,5 4,2 324 57 4 1 1
Høgre 8,8 -5,1 196 -166 2 -2
Kristeleg Folkeparti 8 -4,7 178 -152 2 -1
Senterpartiet 18,2 -2,5 408 -131 5 -1 2
Sosialistisk Venstreparti 8,8 3,8 197 68 2 1 1
Venstre 0 -8,5 0 -221 0 -2
Andre 10,8 10,8 241 241 3 0 1
Valdeltaking/Total 51,8% 2236 27 8
Ordførar: Gunda Johansen (Arbeidarpartiet) Varaordførar: ()

Sidan hausten 2003 har Gunda Johansen frå Arbeidarpartiet vore ordførar i kommunen. Ho kom til ordførarstillinga frå omsorgsavdelinga i kommunen der ho arbeidde som sjukepleiar.

[endre] Fotnotar

  1. Kjelde: SSB
  2. "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Balsfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Astafjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Systerprosjekt

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Balsfjord kommune


Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk