Baltarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Baltarar er ei folkegruppe som snakkar baltiske språk og hovudsakleg held til i Baltikum. Dei nedstammar frå ei gruppe indoeuropeiske stammar som busette seg i området mellom elvane Vistula og Dvina og Dnepr rundt 2 500 f.Kr.

Litauarar og latviarar er dei viktigaste baltiske folkegruppene i dag. Andre grupper er forsvunne, det vil seia at språka deira er utdøydde. Dei fleste blei tekne opp i austbaltiske folk, hovudsakleg litauarane.

Dei baltiske folka har historisk livnært seg som bønder i skogane og på landsbygda, levd relativt isolert og blitt lite påverka av nabofolkeslag. Derfor har mange opphavlege indoeuropeiske tradisjonar og språktrekk overlevd i stor grad. Baltisk mytologi har til dømes mange fellestrekk med vedisk, gammalhinduisk, religion.

Baltiske folkegrupper[endre | endre wikiteksten]