Baltica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baltica for 550 millionar år sidan (grøn)

Baltica var eit kontinent frå sein proterozoikum og tidleg paleozoikum som i dag inkluderer Den austeuropeiske kratonen nordvest i Eurasia. Baltica oppstod som ein landmasse for heile 1,8 milliardar år sidan. Før dette var tre landmassar som i dag utgjer den austeuropeiske kratonen forskjellige stader på jorda. Baltica eksisterte på ei jordskorpeplate kalla den baltiske plata.

Historie[endre | endre wikiteksten]

  • ~1,8 milliardar år sidan var Baltica ein del av superkontinentet Columbia.
  • ~1,5 milliardar år sidan var Baltica i saman med Arktika og Aust-Antarktisk ein del av det mindre superkontinentet Nena.
  • ~1,1 milliardar år sidan var Baltica ein del av superkontinentet Rodinia.
  • ~750 millionar år sidan var Baltica ein del av det mindre superkontinentet Protolaurasia.
  • ~600 millionar år sidan var Baltica ein del av det store superkontinentet Pannotia.
  • i kambrium var Baltica eit sjølvstendig kontinent
  • i sein ordovicium kolliderte Baltica med Avalonia (det meste av det moderne Vest-Europa)
  • i devontida kolliderte Baltica med Laurentia og danna det mindre superkontinentet Euramerika.
  • i permtida slo alle store kontinent seg saman og danna det store superkontinentet Pangaea.
  • i juratida delte Pangaea seg opp i to mindre superkontinent, Laurasia og Gondwana. Baltica var ein del av det mindre superkontinentet Laurasia.
  • i krittida vart Baltica ein del av det mindre superkontinentet Eurasia, noko det framleis er.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]