Baltijsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baltijsk
Балтийск
Byvåpenet til Baltijsk
Byvåpenet til Baltijsk


Plassering
Baltijsk is located in Russland
Baltijsk is located in Kaliningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Først nemnd i
Bystatus
1430
1725
Geografi
Flatevidd
 - By

49,1 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

33 440
  681,1 /km²
Koordinatar 54°39′″N 19°55′″EKoordinatar: 54°39′″N 19°55′″E
Høgd over havet 10 moh
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) 40145
Nettstad: www.baltisk.ru

Baltijsk (russisk Балти́йск, tysk Pillau, polsk Piława, litauisk Piliava), fram til 1946 kjend som Pillau, er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han er den vestlegaste byen i Russland, og ligg ved BaltijsksundetWisłaneset, rundt 40 km vest for Kaliningrad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Satellittfoto av Baltijsk frå om lag 2000.
Austersjøflåten museum i Baltijsk
Fyrtårnet og statuen av Peter den store.

Ein gammalprøysisk fiskerlandsby dukka opp på kysten ein gong på 1200-talet. Namnet kjem frå pils, det prøyssiske ordet for «fort». Ein stor storm i 1510 laga den store, seglbare lagunen føre landsbyen, og markerte starten på Pillaus vekst til å verte ein viktig hamneby i Hertugdømet Preussen.

Under trettiårskrigen vart byen og hamna okkupert av Sverige, etter sigeren over Det polsk-litauiske samveldet. Kong Gustav Adolf gjekk i land der med forsterkingane sine i mai 1626. Etter våpenkvilen i Altmark (1629) heldt svenskane Pillau, og starta å oppgradere festningsverka i byen. Dei bygde eit stjernefort som enno i dag er eit av landemerka i byen. Etter at borgarane i byen i 1635 betalte 10 000 dalar i løysepengar, drog dei svenske styrkane byen til Brandenburg.

Innan slutten av 1600-talet hadde byen ekspandert kraftig. Eit fyrtårn og ei steinkyrkje vart bygd. Peter den store av Russland vitja Pillau ved tre høve, den første i 1697, i samband med den diplomatiske reisa hans til Vest-Europa. Det står ein statue av tsaren ved sidan av fyrtårnet. Pillau fekk byrettar i 1725.

Under sjuårskrigen vart byen okkupert av russiske styrkar, som bygde ei lita ortodoks kyrkje der, ei hending som er minna på ein ryttarstatue av keisarinne Elizabeth frå 2004. I juni 1807 vart Pillau storma av armeen til Napoleon. Etter 1871 vart byen ein del av Tyskland, som oppdaterte og forsterka festninga.

I 1901 vart Königsbergkanalen opna mellom Pillau og Königsberg. Kanalen, som kosta svimlande 13 millionar mark å bygge, gjorde at fartøy med djupner opp til 21 fot, som tidlegare måtte stoppe i Pillau, no kunne segle heilt opp til hovudstaden i Aust-Preussen. Dette medførte ein kraftig nedgang for økonomien til Pillau.

Under den andre verdskrigen låg det eit treningssenter for U-båtar i Pillau og byen var sterkt militært befesta. I 1945, då den raude arméen gjekk inn i Aust-Preussen, fungerte byen som einaste frie flukthøve for tyske flyktningar som hadde søkt vern i provinshovudstaden Königsberg. Det er estimert at over 450 000 personar vart frakta frå Pillau mot dei sikrare områda lenger vest i Tyskland i dei siste krigsmånadane. Byen var òg utgangspunkt for flyktningar som valde landevegen vestover. Ruta gjekk over isen på det smale sundet mot Frische Nehrung. Etter kraftige kampar kapitulerte Pillau 25. april 1945 som den siste austprøyssiske byen. Byen vart annektert av Sovjetunionen og russifisert under namnet Baltijsk. I 1947 var alle tyske innbyggjarar anten vorte utvist, deportert eller drepen. Folkesetnaden vart erstatta av russarar.

I 1952 oppretta sovjetiske styresmakter ein marinebase under austersjøflåten i Baltijsk. Han vart så ein lukka by, og innreise for alle utlendingar og andre utan særskild løyve vart forboden. Under den kalde krigen låg Baltijsk flybase her.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Baltijsk er ein stor marinebase for den russiske Austersjøflåten, og økonomien i byen er hovudsakleg sentrert rundt dette. Den er òg ein viktig ferjeterminal, med ruter til St. Petersburg og Tyskland. Baltijsk er saman med Kaliningrad den einaste russiske hamna ved Austersjøen som er isfri heile året.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Baltijsk

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Blocksdorf, Helmut: Pillau – Chronik eines Untergangs. Die Flucht aus Ostpreußen. Hamburg 2000. ISBN 3-8132-0722-6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]