Baltimore
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| City of Baltimore | |||
|---|---|---|---|
|
|||
| Kallenamn «Charm City, Mob Town, City of Firsts, Monument City» |
|||
| Styresmakter | |||
| Land Delstat |
USA Maryland |
||
| Grunnlagd | 1729 (tettstad), 1797 (by) | ||
| Mayor (ordførar) | Stephanie Rawlings-Blake (D) | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By - Land - Vatn |
238,5 km² 209,3 km² 29,2 km² |
||
| Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik - Byområde - Storbyområde |
637 455 3045,7/km² 2 178 000 (2000) 2 668 056 (2000) |
||
| Koordinatar | Mal:Koord/input/nolatKoordinatar: Mal:Koord/input/nolat | ||
| Høgd over havet | 10 m | ||
| Tidssone - Ved sommartid |
EST (UTC-5) EDT (UTC-4) |
||
| Diverse anna | |||
| Telefon-retningsnummer | 410, 443 | ||
| Heimeside: www.baltimorecity.gov | |||
| Plassering | |||
Baltimore er den største byen i delstaten Maryland i USA og ein av dei viktigaste hamnebyane i landet. Byen er nesten heilt omkrinsa av Baltimore County, unnateke i sør. Sjølve byen Baltimore er uavhengig, og ikkje del av noko fylke.
Historie [endre]
Byen vart grunnlagd i 1729, og oppkalla etter baron Baltimore, ein av dei britiske grunnleggjarane av kolonien Maryland. Hamna tente opphavleg tobakkshandelen i byen. Men seinare tente ho også den amerikanske samhandelen med Europa og Karibia. Då Philadelphia var okkupert av britane i 1777, hadde kontinentalkongressen møte i Baltimore.
I 1827 vart USAs første jernbaneline, Baltimore & Ohio Railroad, opna i Baltimore.
Hamna utvikla seg på 1800-talet til den nest største innvandringshamna i USA, etter New York.
Bakgrunnsstoff [endre]
- http://www.ci.baltimore.md.us (engelsk)
- http://www.baltimoretourism.com (engelsk)
Kjelder [endre]
- Frå Wikipedia på bokmål