Baltoro Muztagh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjellet Biale og Baltorobreen i Baltoro Muztagh.

Baltoro Muztagh er ei fjellkjede på grensa mellom Pakistan og Kina. Ho er ein del av Karakoram-kjeda, og ligg nord og aust for Baltoro-breen. Her ligg K2 (8611 moh.), verdas andre høgaste fjell, i tillegg til tre andre fjell med ei høgd på over 8000 meter.

Høgaste delen av fjellkjeda dannar grensa mellom Kina og Pakistan. Sørdelen ligg i pakistanske Gilgit-Baltistan i Pakistan og norddelen i den kinesiske regionen Xinjiang.

I tillegg til dei fire fjella over 8000 meter (K2, Gasherbrum I, Broad Peak og Gasherbrum II) finn ein ei rekkje slåande fjellformasjonar i denne fjellkjeda, som Muztagh Tower, Uli Biaho og Trango Towers.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Baltoro Muztagh