Baluster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein baluster og ein balustrade.

Baluster (frå latin (etter gresk) balaustium, 'granatepleblome', gjennom fransk balustre) er ein vertikal stolpe i eit rekkverk eller på eit møbel. Fleire balustrar med ei handlist som saman dannar eit rekkverk til trapp, terrasse, gesims og liknande blir kalla balustrade. Balustrar er typisk laga av stein, treverk eller metall, men kan også vera av andre materiale.

A: Liten søyle med base og kapitél. B: Symmetriske utbuktingar frå midten C, D, E: Veksande utbuktingar nedanfrå

Balustrane oppstod som miniatyrsøylar og blei laga slik i mellomalderen og tidlegrenessansen, men blei etterkvart gjevne utbuktande former med fasongar som flasker eller kuler. Seinare er dei blitt laga i mange ulike former, både avrunda, med skarpe kantar, med utskjeringar og liknande.

Ulike balustertypar.

Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Baluster
Spire Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.