Balutsjistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Balutsjistan
provins
Land Flag of Pakistan.svg Pakistan
Distrikt 26
Hovudstad Quetta
Areal 347 190 km²
Folketal 7 167 554 (2003)
Grunnlagd 1. juli 1970
Balochistan in Pakistan (claims hatched).svg
Nettstad: http://www.balochistan.gov.pk

Balutsjistan er den største provinsen i Pakistan, og utgjer rundt 43 % av flatevidda i landet. Han er også den fattigaste og tynnast folkesette. Dei viktigaste språka her er balutsji, pasjto, brahui og farsi.

Provinsen har kyst til Det arabiske havet i Makran i sør og grenser mot Iran og Afghanistan i vest og dei pakistanske provinsane Sind og Panjab i aust og Dei pakistanske stammeområda i nord. Provinshovudstad og største by er Quetta som ligg i Sulaimanfjella, nordaust i Balutsjistan.

Provinsen utgjer den austlege delen av det større landskapet Balutsjistan. Sidan Pakistan blei uavhengig i 1947 har det vore fleire opprørsbølgjer her.

Balutsjistan har gått gjennom fleire jordskjelv. Jordskjelvet i 1935 øydela provinshovudstaden Quetta. Jordskjelvet i 1945, som hadde episenter i Makran, blei også merka i andre delar av Sør-Asia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]