Bambara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bambara
(Bamanankan)
Andre namn: bamana
Klassifisering: Niger-kongospråk
 Mandespråk
  Vestleg mandespråk
Bruk
Tala i: Mali
Bambaratalande i alt: 2 800 000 (1995)[1]
Skriftsystem: N'Ko, latinsk
Språkkodar
ISO 639-1: bm
ISO 639-2: bam
Wikipedia på bambara
Historisk leveområde for bambara-folket

Bambara, òg kjent som bamana og blant språkbrukarane sjølve bamanankan, er eit språk brukt i Mali og i noka mindre utstrekning i Burkina Faso og Senegal. Bambara er i første rekkje språket til bambara-folket, men det tener òg som lingua franca i Mali, der om lag 80 % av folket snakkar bambara som første- eller andrespråk.

Bambara er eit SOV-språk, og det har to fonologiske tonar.

Klassifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Bambara høyrer til mandespråka, ei språkgruppe med kulturelle røter til den gamle byen Manding, som låg i Mali, der Kita ligg i dag. [2] Mande-språka er generelt rekna for å vere gjensidig forståelege blant innfødde språkbrukarar.

Alfabet og litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bambara har sju vokalar, a, e, ɛ, i, o, ɔ og u (bokstavane tilsvarer lydverdi i IPA). Språket fekk si skriftform den tida landet var fransk koloni, og skrivekunsten er lite utbreidd utanom byane. Det finst heller ikkje mykje litteratur på bambara, noko som òg har samanheng med at fransk er språket for den kulturelle eliten i Mali. Men det finst mykje munnleg dikting, eventyr og heltesegner. Mange av songane er veldig gamle og går attende til det gamle Maliriket.

Populære maliske artistar, som Salif Keita, Rokia Traoré og Ali Farka Touré, syng ofte på bambara, sjølv om mange også brukar fransk.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Bambare blir brukt som eit fellesspråk over heile Mali. Dei som har språket som førstespråk, bur aust, sør og nordaust for Bamako.[3]

Utanom standard bamara, som er påverka av vest-malinké, har bambara mange lokale dialektar, som somono, segou, san, beledugu, ganadugu, wasulu og sikasso.

Skriftleg bruk[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1970-talet har bambare hovudsakleg vorte skriven med latinsk alfabet, med tillegg av nokre fonetiske teikn. Vokalane er a, e, ɛ (før è), i, o, ɔ (før ò), u; aksentteikn kan bli brukt for å indikere tonelag. Den tidlegare digrafen ny blir no skrive ɲ eller ñ (i Senegal). Etter konvensjon frå 1966, bruker ein teiknet "ŋ" for digrafen ng når uttalen er som i norsk finger.

N'Ko–alfabetet er eit skriftsystem utvikla av Solomana Kante i 1949 som skriftsystem for mandespråka i Vest-Afrika. N’Ko tyder «eg seier» i alle mandespråka. N'ko og arabisk alfabet kan enno brukast for bamara, men latinsk alfabet er dominerande.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Bambara er eit SOV-språk, og det har to fonologiske tonar, slik at til dømes ordet sa tyder 'død' , mens tyder 'slange.'

Substantiva blir ikkje inndelte i genus. Kjønnet til eit substantiv kan bli markert med eit suffiks, -ce eller -ke for for hannkjønn, -muso for hokjønn. Fleirtal blir markert med endinga -w.

Bambara brukar postposisjonar på tilsvarande måte som engelsk og norsk brukar preposisjonar. Desse postposisjonane finn vi etter verb og dei uttrykkjer retning, lokalisering og i nokre høve posisjon.

Lånord[endre | endre wikiteksten]

I kvardagsspråket har somme bambara-ord vorte avløyste av franske lånord, spesielt i bymålet. I bamako-dialekt kan ein høyre setningar som: N taara Kita mais il n'y avait personne là-bas. : Eg gjekk til Kita men det var ingen der, mens den same setninga i tradisjonelt bambara ville vere N taara Kita nka mɔgɔsi tuntɛ yen. Den franske preposisjonen "est-ce que" blir også brukt i bambara; men blir uttala meir langsamt, i tre stavingar [ɛsəkə].

Mange vil seie: I ka kulosi ye jauni ye: "Skjorta di er gul" (der ein brukar det franske ordet 'jaune' for fargen gul), i staden for tradisjonelt I ka kulosi ye neremuguman ye.

Mange franske lånord er tillagde ein 'i'. Til dømes er bambara-ordet for 'snø' niegei, frå fransk neige, 'snø'.

Eksempel[endre | endre wikiteksten]

N bɛ bamanankan mɛn dɔɔni-dɔɔni
Eg forstår litt bambara (bokstaveleg: Eg positiv partikkel bambara høyrer litt-litt)
I tɛna dumuni ke wa?
Skal du ikkje ete? (bokstaveleg: du negativ futurum ete spørjepartikkel)
Dou Mara be ameriki ali bi wa?
Bur Dou Mara enno i USA? (bokstaveleg: Dou Mara enno Amerika i bur spørjepartikkel)
Macire nana MALI la wa ? 
kom Macire til Mali? (bokstavleg: Macire kom Mali til spørjepartikkel?

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Ordbøker[endre | endre wikiteksten]