Bambi
Bambi er namnet på eit oppdikta hjortedyr skildra i bøker og fleire filmar, best kjend frå teiknefilmane til Disney.
Innhaldsliste |
Utgjevingar
Soga om Bambi blei først fortald i Bambi, ein Leben im Walde som kom ut i 1923. Forfattaren, Felix Salten, var fødd Siegmund Salzmann i Budapest men hadde vakse opp i Wien. Boka skildra oppveksten og utfordringane til rådyrkalven Bambi. Boka blei omsett til engelsk i 1928.[1] Ho er også omsatt til norsk fleire gonger, av André Bjerke i 1949 og Halldis Moren Vesaas i 1966.[2]
I 1942 produserte The Walt Disney Company ein animasjonsfilm regissert av David Dodd Hand som var tufta på den boka til Salten. Handlinga var flytta frå Europa til Amerika, Bambi var blitt ein kvithalehjort og filmen var gjort meir koseleg og mindre brutal enn boka. Filmskaparane la vekt på å gjera dyra naturtru, og teiknarane høyrde foredrag, vitja dyrehagen i Los Angeles og hadde levande hjortekalvar henta inn frå Baxter State Park i studio.
Det blei også laga sovjetiske filmar om Bambi. Detstvo Bambi ('barndommen til Bambi') og Junost Bambi ('ungdommen til Bambi') var filma med levande dyr og skodespelarar og gjeve ut i 1985 og 1986. Over 60 ulike dyreartar var med i desse to filmane.
Verknad
Den storaugde, klossete framtoningen til Bambi som kalv sjarmerte tilskodarar frå filmen kom ut, og er blitt eit omgrep for søte, uskuldige dyreungar.[3] Filmen, som viser at mor til Bambi blir skoten under jakt, førte til sorgtunge reaksjonar frå barn som såg filmen, og til ein del motstand mot jakt i det verkelege livet. Mellom anna har rockestjerna og Paul McCartney nemnd filmen som ein kjelde til sitt dyrevern.[4]
Oppfølgarar
Salten skreiv ein oppfølgar om barna til Bambi som kom ut omsett som Bambi's Children, The Story of a Forest Family i 1939 og på tysk som Bambis Kinder, eine Familie im Walde først året etter.
Ein oppfylgjar til Disney-filmen, Bambi 2, kom ut i 2006.
Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Bambi» frå Wikipedia på engelsk, og «Bambi, A Life in the Woods» frå Wikipedia på engelsk den 10. januar 2009.
Fotnotar
- ↑ betweenthecovers.com
- ↑ Søk i Bibsys
- ↑ «Bambi», A Dictionary of Phrase and Fable. Edited by Elizabeth Knowles. Oxford University Press, 2006. Oxford Reference Online.
- ↑ Paul Schons: «Bambi, the Austrian Deer». Germanic-American Institute, BBC: Former Beatle 'inspired by Bambi', 12 December 2005
Bakgrunnsstoff
- Bambi på The Internet Movie Database (IMDb)