Bamble kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bamble kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0814
Fylke Telemark
Adm.senter Langesund
Areal 300 km²
Folkemengd 14 129 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-2015) Jon Pieter Flølo (FrP)
Målform Nøytral
Nettstad www.bamble.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0814.svg
Bamble kommune på Commons
Grenlandsbrua og den eldre Brevikbrua bind Bamble og Stathelle (t.v.) saman med med Porsgrunn på den andre sida av Frierfjorden.
Foto: Bamble kommune
Bamble kyrkje har stått modell for fleire andre norske kyrkjer.
Foto: Hallvard Straume
Langøytangen fyr ved Langesund

Bamble er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen omfattar byane Stathelle og Langesund, og tettstadane Herre og Valle.

Bamble grensar til Kragerø, Drangedal, Skien og Porsgrunn kommune.

Kystområdet mot sør med sin skjergard er om sommaren rekreasjonsområde (med Skjærgårdsparken) for turistar, og har i overkant av 2000 hytter. Bamble har den lengste kystlinja i Telemark, frå Voldsfjorden i nordaust til Fossingfjorden i søraust.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringane i kommunen er petrokjemisk industri (Hydro Rafnes og Borealis Rønningen), skipsteknologifirmaet Skarpenord, mekaniske verkstadar, fiskeri, servicenæring, jord- og skogbruk.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Bamble har fleire attraksjonar som til dømes Wrightegaarden (med konsertar), bygdeborga på Storås, Olavskyrkja ruin (Skeidi), Bamble kyrkje, Langesundstangen (tidlegare Tangen HV-fort til 1993) og Cudrios sjøbod (museum Langesund).

Der er også Brevik bru (frå 1962) og Grenland bru (frå 1997) austover over Frierfjorden til Porsgrunn kommune. Grenland bru er den høgaste fastlandskonstruksjonen i Noreg med eit tårn på 166 m.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°0′5.2″N 9°44′44.6″E