Bamburgh

Koordinatar: 55°36′N 1°43′W / 55.600°N 1.717°W / 55.600; -1.717
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bamburgh

Bamburgh Castle frå nord
Bamburgh Castle frå nord
Bamburgh Castle frå nord
Plassering
Bamburgh is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Northumberland
Distrikt Northumberland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

454
Koordinatar 55°36′N 1°43′W / 55.600°N 1.717°W / 55.600; -1.717
Diverse annan informasjon
Postnummer NE69
Telefon-retningsnummer 0 1668
Commons har multimedium som gjeld: Bamburgh

Bamburgh er ein liten by ved kysten i Northumberland i England.

Bamburgh slott var sete for kongane av Northumbria. Byen var òg hovudstad for det angelsaksiske kongedømet Bernicia500- og 600-talet. Det vart bygd av Ida av Bernicia (ca. 547 559). Det opphavlege namnet på staden skal ha vore Bebbanburgh, etter Bebba, som var gift med sonesonen til Ida Adda av Bernicia. I 1704 vart slottet kjøpt av Lord Crewe, biskop av Durham. Han oppretta ein velgjerande jenteskule der. Fondet som skulle finansiere skulen dekte ikkje drifta over tid, og i 1894 kjøpte William, 1. Lord Armstrong slottet og gjorde det til bustaden til familien. Dei bur enno der.

Den første kyrkja i Bamburgh vart reist av Oswald av Northumbria i 635.

Ein av dei mest kjende personar frå Bamburgh er Grace Darling (18151842). I 1838 rodde ho saman med faren sin ut til eit skip som hadde gått på grunn, og dei lukkast i å redde ni passasjerar. Ho er gravlagt på kyrkjegarden, og rett ved sida av ligg eit museum til hennar ære.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]