Ban Ki-moon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ban Ki-moon

Fødd13. juni 1944 (79 år)
Eumseong
Statsborgar avSør-Korea
Partipartilaus
Yrkepolitikar, diplomat, skribent, deltakar i internasjonale forum
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Utdanna vedSeoul nasjonale universitet
Harvard Kennedy School
Chungju High School
Harvard University
MedlemABLF alumni network
VervGeneralsekretær for SN 2007-2016
FøregangarKofi Annan
EtterfylgjarAntónio Guterres
Alle verv
  • Generalsekretæren i Dei sameinte nasjonane (2007–2017)
  • Sør-Koreas utenriksminister (2004–2006)
  • chairperson of the Ethics Commission of the International Olympic Committee (2017–)
  • ambassador of South Korea to Austria Sjå dette på Wikidata

Ban Ki-moon (fødd 13. juni 1944 i Eumseong i Korea) er ein tidlegare koreansk politikar som etterfølgde Kofi Annan som generalsekretær for Dei sameinte nasjonane 1. januar 2007.

Ban var utanriksminister i Sør-Korea frå januar 2004 til 1. november 2006. Den 13. oktober 2006 vart han vald til stillinga som generalsekretær av Dei sameinte nasjonane av generalforsamling og vart teken i eid den 12. desember 2006.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Ban tok bachelorgraden i internasjonale studiar ved Seoul National University i 1970 og mastergraden i offentleg administrasjon ved John F. Kennedy School of Management ved Harvard i 1985.

Personleg[endre | endre wikiteksten]

Ban Ki-moon er gift og har tre born, ein son og to døtrer. I tillegg til morsmålet koreansk snakkar han engelsk, fransk, japansk og tysk. Det har vore stilt spørsmålsteikn ved franskkunna hans, eit språk som den vetorettinnehavande Tryggingsrådsmedlemsnasjonen Frankrike insisterer på at generalsektretæren skal kunne snakke. Dette har ført til noko debatt.

Som elev ved ein vidaregåande skule på det tidlege 60-talet møtte Ban Ki-moon USA sin dåverande president, John F. Kennedy i Washington, D.C. som ledd i premien for å ha vunne ein engelsk språkkonkurranse i regi av Raudekrossen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ban vart tilsett i utanriksdepardementet i Sør-Korea i mai 1970. Hans fyrste utlandspost var i New Dehli, og etter dette arbeidde han i departementet si FN-avdeling. På om lag same tid som Park Chung-hee vart drepen hadde Ban allereie fått stillinga som fyrstesekretær ved Sør-Korea si observasjonsdelegasjon til SN, som Sør-Korea på det tidspunktet ikkje enno var medlem av (det vart dei fyrst i 1991). Han vendte så attende til departementet si SN-avdeling, no som viseminister, i 1995. Han vart utnemnd som presidenten sin rådgjevar for najonal tryggleik i 1996, og fekk stilling som viseminister i 2000. Hans siste stilling var som rådgjevar for utanrikspolitikk for president Roh Moo-hyun.

Medan han var ambassadør til Austerrike, vart Ban vald som formann for førebuingskommisjonen for Comprehensive Test Ban Treaty i 1999. Under Sør-Korea sitt presidentskap i SN si generalforsamling i den 56. sesjonen, hadde Ban stillinga som kabinettsjef for generalforsamlinga sin president.

Ban har vore aktivt involvert i forholdet mellom Sør- og Nord-Korea. I 1992 tente han som formann for Nord-Sørkommisjonen for sameint kontroll over kjernefysisk energi. I september 2005 hadde han som utanriksminister ei sentral rolle i forhandlingane for å oppklare situasjonen med Nord-Korea sine moglege atomvåpen i fjerde runde av The Six-Party talks i Beijing.

Generalsekretærkandidatur[endre | endre wikiteksten]

I februar 2006 erklærte Ban at han ville stille som kandidat til stillinga som Kofi Annan si arvtakar etter 2006, og vart dermed fyrste sør-koreanar nokon sinne som har stilt til denne posisjonen. Han synte seg å vere den best likte kandidaten, og fekk flest røyster i fire meiningsmålingar mellom medlemslanda i Tryggingsrådet, i juli, september, og oktober 2006.

Den 25. september 2006, medan meiningsmålingane fann stad, tala Ban til Asia Society i New York om sitt eige kandidatur og synspunkt om kva som ville verte dei viktigaste problema SN lyt handsame i framtida. Tidlegare det året hadde han tala framfor The Council on Foreign Relations i New York.

Den 2. oktober, i ei uformell meiningsmåling i Tryggingsrådet, fekk Ban fjorten røyster, og eit medlem lèt vere å røyste. Ban var òg einaste kandidat det ikkje vart nedlagt veto mot. Etter røystinga trekte Shashi Tharoor, kandidaten med nest flest røyster, seg og Kina sin ambassadør til SN uttalte seg at «det er klårt av røystinga i dag at Ban Ki-moon er kandidaten Tryggingsrådet kjem til å stø.»

Den 9. oktober valde Tryggingsrådet formelt Ban Ki-moon som sin kandidat. Den 13. oktober adopterte Generalforsamlinga, med overveldande fleirtal, ein resolusjon som utnemnde Ban Ki-moon som ny generalsekretær. Ban tok over for Kofi Annan 1. januar 2007.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Ban Ki-moon har fått den sør-koreanske "Order of Service Merit" to gonger, i 1975 og 1986. Han mottok "The Grand Decoration of Honour" frå Austerrike i 2001, og Rio Branco-storkrossen frå den brasilianske stat i 2002.

I 2005 vart han tildelt James A. Van Fleet-prisen av Korea Society i New York for sitt arbeid for å styrke venskapen mellom USA og Sør-Korea.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Ban hevdar å snakke både fransk og engelsk, dei to klårt mest nytte av dei seks offisielle FN-språka, flytande, men har sidan han vart teken i eid hatt vanskar med å svare på spørsmål på fransk frå journalistar.[treng kjelde]

Somme avisar og tidsskrift har òg sett spørsmålsteikn ved den sørkoreanske kampanjen for Ban, der han vitja alle medlemslanda i Tryggingsrådet for å trygge røyster for seg sjølve ved å skrive under handelsavtaler og love u-hjelp.[treng kjelde]

I følgje Washington Post har somme vore misnøgde med at Sør-Korea, som 11. største økonomi i verda, har nytte si økonomiske makt til å stø opp om Ban sitt kandidatur. I eit intervju 17. september 2006 sa Ban Ki-moon at desse skuldingane var «grunnlause» og at: «eg veit at eg som leiande kandidat kan verte mål for nøye gransking» og at «eg har heldt på integriteten min».[treng kjelde]

Det har òg vore uttrykt uro over at Kang Kyu-wha, kampanjeleiar for Ban Ki-moon, vart tilsett som visehøgkommissær for menneskerettar berre eit par veker før Ban tok over som generalsekretær.

I Korea har Ban tilnamnet «Ban-joosa», 'byråkraten Ban'. Dette tilnamnet kan nyttast av både tilhengarar og motstandarar, men nytta av motstandarar kan det vera symbol på at han manglar karisma og har ein tendens til å gje etter for press.

Ban har og fått kritikk for ikkje å kritisere dødsstraff hardt nok, særskilt i Barzan al-Tikriti og Awad al-Bandar, to irakiske tenestemenn sitt tilhøve. Dei to vart dømt, saman med Saddam Hussein for drapet på 148 sjiamuslimar i landsbyen Dujail på 1980-talet. Sjølv om Ban skreiv eit brev til den irakiske høgsteretten kor han bad om at ein meir moderat straff vart nytt, skreiv han òg at "kvar [medlems]nasjon sjølv må avgjere" om dødsstraff skal nyttast. Ban har òg motteke ros for å respektere grensene for SN sitt mandat i denne saka.