Banankrigane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Banankrigane er nemninga på USA sine militære inngrep i Mellom-Amerika og Sør-Amerika fram til 1934.

Desse militære aksjonane vart utførte av det USA-amerikanske marinekorpset, men ved nokre høve vart også hæren og flåten brukt.

Kjelda til uttrykket «banankrigane» er dei påståtte sambanda mellom aksjonane og vern av ulike amerikanske handelsinteresser i regionen. Særleg interessant var det at det amerikanske firmaet United Fruit hadde store økonomiske interesser i produksjonen av bananar, tobakk, røyrsukker og andre landbruksprodukt i Karibia, Mellom-Amerika og nord i Sør-Amerika.

Amerikanarar som var forkjemparar for imperialisme i tida før den fyrste verdskrigen, argumenterte ofte for at dei militære aksjonane hjelpte landa i regionen til å få stabilitet. Nokre imperialistar meinte også at aksjonane ikkje var omfattande nok.

Motstandarar av imperialismen meinte at aksjonane var fyrste steg i retning av USA-amerikansk kolonialisme i regionen.

Nokre moderne observatørar meiner at dersom ikkje den fyrste verdskrigen hadde kvalt den amerikanske entusiasmen for internasjonal innblanding, ville aksjonane ha halde fram og leidd til eit utvida USA-amerikansk koloniimperium med mellomamerikanske statar, anten som ein del av USA, slik som Hawaii, eller som amerikanske territorium som Filippinane (den gongen), Puerto Rico og Guam. Dette synspunktet er likevel sterkt omstridt, spesielt fordi USA utførte liknande aksjonar i 1920-åra og hevda at det ikkje handla om koloniambisjonar.

Banankrigane enda i 1934 med president Franklin D. Roosevelt sin politikk om godt naboskap, Good Neighbor Policy, utan at det var grunnlagt amerikanske koloniar i regionen.

Involverte land[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]