Bananrepublikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bananrepublikk er ei nedsetjande nemning på ein republikk og sjølvstendig stat, gjerne med skiftande makthavarar. Nemninga vert særleg nytta om land i Sør-Amerika, der det vert dyrka bananer. Eit slikt land kan gjerne vera avhengig av ei einaste eksportvare, eller eit fåtal. Typisk er dette jordbruksprodukt. Regjeringa og styresmaktene er gjerne gjennomsyra av korrupsjon. Makthavarane er gjerne diktatorar eller ein militærjunta, som har kome til makta gjennom eit militærkupp. Dei styrande er gjerne utsett for sterk påverknad frå andre statar, eller frå multinasjonale føretak. Jamt over har folket låg levestandard. Honduras var det første landet som vart omtala som bananrepublikk.