Banat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Banat Republic bgiu2.png
Banat05.png

Banat (rumensk Banat, serbisk Банат eller Banat, ungarsk Bánát eller Bánság, tysk Banat, slovakisk Banát, bulgarsk Banát) er ein geografisk og historisk region aust i Sentral-Europa. Den historiske regionen Banat er i dag delt mellom tre land: Den austlege delen ligg i Romania (fylka Timiş, Caraş-Severin, Arad og Mehedinţi), den vestlege delen i Serbia (Serbisk Banat, hovudsakleg i Vojvodina, bortsett frå eit lite område i Sentral-Serbia) og ein liten nordleg del ligg i Ungarn (fylket Csongrád). Dei historiske grensene til regionen ligg langs dei tre elvane Mureş i nord, Tisza i vest og Donau i sør.

I antikken var Banat ein del av kongeriket Dakia, og seinare, etter Trajan-krigane, den romerske provinsen med same namn. Under avartida på 400- og 500-talet slo serbarar seg ned i området. Fleire hundreår seinare kom det under Ungarn. Tyrkarane erobra regionen i 1526. I 1718 vart Banat austerriksk og fekk namnet Temescher Banat. Namnet Banat kjem truleg av den avariske fyrstetittelen ban. I 1867 vart Banat integrert i Kongeriket Ungarn (del av Austerrike-Ungarn).

Etter den første verdskrigen vart Banat delt: Fredsavtalen i Trianon av 4. juni 1920 fastslo at 18 945 km² skulle gå til Romania, 9 307 km² til Jugoslavia og 217 km² skulle verte i Ungarn.

Folkesetnaden i Banat var fram til 1944 svært blanda. Etter at Banat vart austerriksk fremma dei austerrikske herskarane katolsk (særleg tysk) innvandring i området. Nybyggjarane kom mellom anna frå Pfalz, Schwaben, Bayern, Hessen, Niederösterreich, Oberösterreich og Elsass, i tillegg til mindre mengder frå Frankrike, Italia og Spania. Dei tyskspråklege innbyggarane vart kalla Banater Schwaben. I tillegg til ungararar, rumenarar, serbarar og tyskarar fanst det òg slovakar, rutenarar og armenarar. Mange busetander aust i Banat var hovudsakleg busett av tyskarar og i Timişoara, den viktigaste byen i regionen, var tyskarane fram til den andre verdskrigen den største etniske gruppa. I det serbiske Vest-Banat forsvann den tyske minoriteten etter andre verdskrigen fullstendig, som følgje av flukt, deportasjon i russisk slavearbeid, utrydding, bortdriving og utvandring. I rumensk Banat vart ikkje innbyggjarane drive bort, men som følgje av av utvandring hovudsakleg frå 1960-talet til 1980-talet har talet på tyskarar i rumensk Banat vorte sterkt redusert, sjølv om stadnamn rundt provinshovudstaden Timişoara som Altringen, Bethausen, Gottlob, Johanisfeld, Lenauheim, Liebling, Nitzkydorf eller Gherman minner om den tyske historia i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]