Banco del Mutuo Soccorso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Banco del Mutuo Soccorso

AliasBanco
OpphavItalia
Aktiv1969 til i dag
SjangerProgressiv rock, italiensk progressiv rock, kunstrock
PlateselskapRicordi, Manticore, EMI, Sony
MedlemmerVittorio Nocenzi
Francesco Di Giacomo
Rodolfo Maltese
Tiziano Ricci
Maurizio Masi
Filippo Marcheggiani
Alessandro Papotto
Tidlegare medlemmerGianni Nocenzi
Claudio Falco
Fabrizio Falco
Franco Pontecorvi
Marcello Todaro
Renato D'Angelo
Pierluigi Calderoni
Gianni Colaiacomo
Karl Potter

Banco del Mutuo Soccorso er eit italiensk rockeband. Dei var eit populært progrockband i 1970-åra og er framleis aktive.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bandet var inspirert av progrockband frå England, særleg Gentle Giant, Jethro Tull og Emerson, Lake & Palmer, og klaverspelarane Vittorio Nocenzi og broren Gianni starta Banco del Mutuo Soccorso i Roma i Italia. Dei spelte seinare inn det første albumet sitt, Banco del Mutuo Soccorso i 1972, etterfølgd av Darwin!, og i 1973 Io sono nato libero. Heilt frå starten av var kjenneteiknet deira ein kompleks tekstur med piano, hammondorgel og synthesizerar spelt av Nocenzi-brørne, i tillegg til song av Francesco Di Giacomo. Ein nøye balanse mellom elektroniske og akustiske instrument, samt bruk av blåseinstrument, gjorde Banco til eit band med ein stadig meir original og innovative stil, med ei bland av rock, jazz og klassisk musikk.

Bandet vart populært i Italia og utanlands, og signerte kontrakt med Manticore Records i lag med Premiata Forneria Marconi. I 1975 kom Banco ut, ei samling av omsette songar i lag med nye songar, gjeve ut med den internasjonale marknaden som mål.

Seint i 1970-åra gjekk Banco del Mutuo Soccorso i nye retningar med eit filmmusikkalbum i 1976 for Garofano rosso og innspelingar med orkester i 1978 på ...di terra. Dei endra òg namn til berre Banco.

I 1980-åra bar musikken til Banco preg av lettare popmusikk og kortare songar, og dei fekk nokre hitsinglar. Gianni Nocenzi slutta i bandet for å starte ein solokarriere. Andre medlemmar kom og gjekk.

I 1990-åra tok dei attende det lengre namnet sitt og starta å spele songane sine frå 1970-åra igjen. Dei spelte akustiske versjonar av songane på somme konsertar og spelte inn dei første albuma på nytt. Dei spelte òg inn nye songar.

Bandet spelar framleis konsertar, men har ikkje gjeve ut ny musikk sidan 1997.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Italiensk salsliste Merknad
1972 Banco del Mutuo Soccorso 5
1972 Darwin! 4
1973 Io sono nato libero 10
1975 Banco 10 inneheld engelske versjonar av songar frå tidlegare album
1976 Garofano rosso 9 filmmusikk
1976 Come in un'ultima cena 8
1978 …di terra med orkesteret dell'Unione Musicisti di Roma
1979 Canto di Primavera 36
1980 Urgentissimo 11
1981 Buone Notizie
1983 Banco 23
1985 ...E Via 42
1994 Il 13
1997 Nudo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

'