Band of Horses

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Band of Horses

Band of Horses på SXSW-festivalen i 2006,
frå venstre til høgre: Hampton, Bridwell, Barrett (atti), Brooke og Arnone
OpphavSeattle i Washington, USA
Aktiv2004–
SjangerIndie-rock
PlateselskapSub Pop, Columbia Records
MedlemmerBen Bridwell
Ryan Monroe
Tyler Ramsey
Bill Reynolds
Creighton Barrett
Tidlegare medlemmerJoe Arnone
Ludwig Böss
Mat Brooke
Sera Cahoone
Chris Early
Rob Hampton
Tim Meinig
Blake Mills

Band of Horses er ei indie-rock-gruppe frå Seattle i Washington. Gruppa har gitt ut fire studioalbum, det nyaste av dei Mirage Rock som kom ut i 2012.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Vokalist og gitarist Ben Bridwell skipa Band of Horses i 2004 saman med bassist Chris Early og trommis Tim Meinig. Kort tid etter deltok Mat Brooke som gitarist og vokalist.[1] Gruppa vart lagt merke til av Sub Pop etter å ha opna for Iron & Wine under framsyningar i Seattle-området, og i 2005 gav Band of Horses ut sin første EP, Tour EP. Det første studioalbumet, Everything All the Time, vart spelt inn i 2005 og gitt ut av Sub Pop i mars 2006. Albumet femnde nye versjonar av fem av dei seks songane frå Tour EP-en i tillegg til fem nye songar. Det vart ein liten slager i Skandinavia, der det kom lågt innom salslistene i Noreg og Sverige.[2] Meinig og Earli forlét gruppa kort etter innspelinga av det første albumet på grunn av at forholdet mellom dei to og Bridwell kom i ulage. Nye folk vart hyra inn for å spele saman med Bridwell og Brooke på den komande turneen, Joe Arnone (gitar og keyboard), Rob Hampton (bass og gitar) og Creighton Barrett (trommer). I juli 2006 framførte Band of Horses songen «The Funeral» på Late Show with David Letterman utan Brooke, som hadde forlate gruppa og danna seg ei ny gruppe, Grand Archives.[3]

Det andre albumet til Band of Horses, Cease to Begin, vart spelt inn i North Carolina og gitt ut på Sub Pop i oktober 2007. Med Joe Arnone ute av laget femner albumet trioen Ben Bridwell, Creighton Barrett, og Rob Hampton i tillegg til Ryan Monroe på keyboard. Cease to Begin gjorde det bra i USA der det nådde som 35 på Billboard 200 og var i tillegg ein slager i Noreg, Sverige, Danmark og Frankrike.[4] I etterkant av utgivinga av Cease to Begin vart Monroe ein fast medlem i gruppa, saman med dei nye medlemmene Tyler Ramsey (gitar og vokal) og Bill Reynolds (bass).

Under eit intervju i mars 2010 avslørte Band of Horses tittelen på det tredje studioalbumet, Infinite Arms.[5] I forkant av innspelinga av albumet forlét Rob Hampton guppa, og han vart avløyst av den svenske gitaristen Ludwig Böss. Likevel vart ikkje Böss representert på albumet og det vart snart meldt at han òg hadde forlate gruppa.[6] Albumet vart spelt inn av dei noverande fem medlemmene Bridwell, Ramsey, Reynolds, Barrett, og Monroe. Infinite Arms vart gitt ut internasjonalt i mai 2010 gjennom selskapa Columbia, Brown, og Fat Possum.

Ben Bridwell avslørte i april 2012 at det fjerde studioalbumet skulle komme ut seint i 2012, og ville vere produsert av Glyn Johns.[7] I juni delte Band of Horses ein video av ein ny song, «Dumpster World», gjennom Facebook og YouTube, og annonserte at albumet ville komme ut i september.[8] 10. juli vart det stadfesta at albumet ville heite Mirage Rock og samstundes vart sporlista og omslaget avduka. «Knock Knock», ein debutsingel frå det fjerde albumet, vart gitt ut 9. juli 2012[9] og albumet vart lansert 18. september.[10]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tom Scanlon, For Band of Horses, Block Party is just one stop in whirlwind year Seattle Times - 28. juli 2006
  2. Everything All the Time Ultratop entry - Ultratop
  3. Justin Sheppard, Band of Horses loses Mat Brooke prefixmag.com - 26. juli 2006
  4. Cease to Begin Ultratop entry - Ultratop
  5. Amy Phillips, Band of Horses Announce New Album Pitchfork Media - 2. mars 2010
  6. Ludwig Böss no longer in Band of Horses It's a Trap! Scandinavian music journal - 19. mars 2010 (Lenkjer til svensk artikkel: Ludwig Böss tvingas lämna Band of Horses Arkivert 2010-04-06 ved Wayback Machine.)
  7. Blanton, Kristen "Watch Band of Horses Perform New Track Long Vows" Paste Magazine - 18. april 2012
  8. Nelson, Michael Preview Band Of Horses "Dumpster World" Stereogum - 22. juni 2012
  9. Evan Minsker; Amy Phillips (9. juli 2012). «Band of Horses Announce New Album, Mirage Rock, Share New Track and Video». Pitchfork. Pitchfork Media Inc. Henta 5 September 2012. 
  10. Kane, Tyler "Band of Horses announce new album Mirage Rock" Paste Magazine - 10. juli 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]