Band of Joy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om bandet. For albumet, sjå Band of Joy av Robert Plant.
Band of Joy
BandOfJoy.jpg
Band of Joy med Robert Plant, oktober 2010
Sjanger Folkrock
bluesrock (tidleg)
Aktive år 1966–1968, 1977–1983, 2010 til i dag
Tilknytte artistar Led Zeppelin, The Yardbirds
Medlemmer
Robert Plant
Patty Griffin
Buddy Miller
Darrell Scott
Byron House
Marco Giovino

The Band of Joy (òg kjend som Robert Plant and the Band of Joy) er eit rockeband frå England. Det har hatt forskjellige medlemmar i periodane då dei eksisterte frå 1965 til 1968 og frå 1977 til 1983. Robert Plant nytta igjen bandnamnet i 2010 for ein konsertturne i USA og Europa.

Bandet er mest kjend for to av bandmedlemmane, Robert Plant og John Bonham,[1] som seinare vart med i Led Zeppelin.

Band Of Joy oppstod opphavleg i 1966 i West Bromwich, nær Birmingham i England med Chris Brown (klaverinstrument), Vernon Pereira (gitar),[2] og songar Robert Plant. Konfliktar i styringa av bandet gjorde at Plant forlet gruppa etter nokre få månader. Han prøvde raskt å danne sitt eige Band of Joy, men måtte gje seg. Ei tredje utgåve av bandet, med barndomsvenen til Plant, John Bonham, varte frå 1967 til midten av 1968. Blandinga deira av soul og blues var populær i modkulturen i Birmingham. Denne besetninga spelte inn fleire demoinnspelinga tidleg i 1968, men bandet vart oppløyst i mai 1968 då dei ikkje fekk platekontrakt.[3]

Ei kort stund spelte Dave Pegg sologitar i bandet. Han spelte seinare bass i Fairport Convention og Jethro Tull. Pegg øvde med Band of Joy, men spelte aldri konsertar med dei.[4]

I 1977 starta Gammond og Paul Lockey Band of Joy på ny i lag med John Pasternak, Peter Robinson og klaverspelar Michael Chetwood. Gammond, Lockey, Pasternak og Robinson hadd tidlegare spelt i Bronco. Dei inviterte Plant og Bonhamn med seg på eit album i 1978, men det vart aldri noko av. Etter eit nytt album i 1983 vart bandet oppløyst.

I 2010 annonserte Plant at han starta eit nytt band og turnerte som Robert Plant & the Band of Joy.[5] Dei gav ut albumet Band of Joy, som av Rolling Stone vart kåra til det 8. beste albumet i 2010.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Besetningar[endre | endre wikiteksten]

1968
  • John Bonham – trommer
  • John Hill – bassgitar
  • John Kelsey – klaverinstrument
  • Robert Plant – solovokal
  • Mick Strode – lead gitar
1977
  • Michael Chetwood – klaverinstrument, vokal
  • Kevyn Gammond – gitar, vokal
  • Paul Lockey – gitar, vokal
  • John Pasternak – bass, vokal
  • Peter Robinson – trommer
2010

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. By Patrick Doyle (2010-06-25). «Robert Plant Previews Upcoming Band of Joy Album». Rollingstone.com. http://www.rollingstone.com/music/news/17386/121453. Henta 30. mars 2011. 
  2. «Welcome to the Birmingham Music Archive – Band of Joy». Birminghammusicarchive.co.uk. 2010-03-30. http://birminghammusicarchive.co.uk/?page_id=51. Henta 30. mars 2011. 
  3. Theakston, Rob. «((( Band of Joy > Overview )))». allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p15632. Henta 30. mars 2011. 
  4. Cynthia Blair Webdesign. «Memories in Music». Memories in Music. http://www.memoriesinmusic.com/fairport.html. Henta 30. mars 2011. 
  5. Sean Michaels (2010-03-29), Robert Plant to tour with new Band of Joy lineup | Music | guardian.co.uk, London: Guardian, http://www.guardian.co.uk/music/2010/mar/29/robert-plant-band-of-joy, henta 30. mars 2011 
  6. "The 30 Best Albums of 2010". Rolling Stone (December 25, 2010). Henta 30. mars 2011
  7. «Achilles Last Stand». Led Zeppelin. http://www.led-zeppelin.org/news/index.php?m=2010news#032610a#ixzz0jbHlyncV. Henta 2011-01-10.