Aceh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Banda Aceh)
Gå til: navigering, søk
Aceh

Aceh er ein provins i Indonesia, på nordvestspissen av øya Sumatra. Det fullstendige namnet på provinsen er Nanggroe Aceh Darussalam. Aceh grensar i sør til provinsen Nord-Sumatra. Provinshovudstaden er hamnebyen Banda Aceh. Provinsen dekkjer eit område på 55 392 km², og folketalet vart i 2004 sagt å vera rundt 4 142 000.

Utanfor vestkysten ligg øya Simeulue, som òg høyrer til Aceh. Rett utanfor Banda Aceh ligg nokre små øyar, mellom anna Pulau We, Pulau Nasi og Pulau Breueh.

Aceh vart sterkt råka av tsunamien i 2004, då store flodbølgjer kom inn i landet og førte til store øydeleggingar.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.