Bandar Seri Begawan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
بندر سري بڬاوان
Sultan Omar Ali Saifuddin-moskeen og pålebygde Kampong Ayer.
Sultan Omar Ali Saifuddin-moskeen og pålebygde Kampong Ayer.
Styresmakter
Land Brunei
Grunnlagd
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

78 000
Koordinatar 4°53′25″N 114°56′32″EKoordinatar: 4°53′25″N 114°56′32″E
Diverse anna
Nettstad: www.municipal-bsb.gov.bn

Bandar Seri Begawan, ofte korta ned til BSB eller Bandar, er hovudstaden i Brunei. Han ligg nord på Borneo, ved nordbreidden av elva Brunei. Byen ligg 15 km frå elvemunningen i Sørkinahavet, og har med si elvehamn lenge vore eit handelssenter. I 2001 hadde byen rundt 78 000 innbyggjarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Bandar Seri Begawan fekk det noverande namnet sitt den 5. november 1970. Det tidlegare namnet på byen var Bandar Brunei, Brunei by. Bandar kjem opphavleg frå persisk og tyder 'by' eller 'hamn' på malayisk. Seri kjem frå sanskritordet sri som tyder 'heilag'. Begawan er ein tittel av sanskritopphav med tydinga 'herre' som tradisjonelt har vore brukt av sultanane i landet. Namneendringa blei gjort for å æra Omar Ali Saifuddien, far til den dåverande sultanen av Brunei, Hassanal Bolkiah.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Folk har budd i pålehus nær denne staden i fleire hundre år. Byen blei hardt skadd under andre verdskrigen, men blei etter dette gjenoppbygd som økonomisk of administrasjonssenter for Brunei.

Økonomi og kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Økonomien i Bandar Seri Begawan og Brunei har vokse på petroleumsindustri. Ein prøver òg å byggja opp andre servicenæringar.

Kampong Ayer og vasstaxiar.

Brunei internasjonale lufthamn ligg 11 km utanfor byen, og flyselskap som Royal Brunei Airlines, Singapore Airlines, Malaysian Airlines, Air Asia og Thai Airways International har ruter her. Bandar Seri Begawan har elles busstasjon med samband til resten av Brunei, i aust ved å køyra gjennom Sarawak i Malaysia. Byen har taxi- og vasstaxitenester.

Sultan Omar Ali Saifuddin-moskeen

Bydelar og bygningar[endre | endre wikiteksten]

Bydelen Kampong Ayer, med rundt 30 000 innbyggjarar, er bygd på pålar ute i elva.

I Bandar finst fleire to veldige bygg. Sultan Omar Ali Saifuddin-moskeen, bygd i 1965, var lenge den største i Søraust-Asia. Jame'asr Hassanil Bolkiah-moskeen frå 1994 er større. Like sør for bysentrumet ligg sultanpalasset Istana Nurul Iman. Det blei fullført i 1985, og er rekna som verdas største residenspalass.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bandar Seri Begawan

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Bandar Seri Begawan frå Wikivoyage

Kjelder[endre | endre wikiteksten]