Bandet 801

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
801
OpphavEngland
Aktiv1976 - 1977
SjangerProgressiv rock
Tilknytte artistarQuiet Sun
PlateselskapExpression
Siste medlemmerPhil Manzanera
Brian Eno
Bill MacCormick
Francis Monkman
Simon Phillips
Lloyd Watson

801 var eit engelsk progressiv rockeband som opphavleg vart danna i 1976 for tre konsertar. Bandmedlemmene var Phil Manzanera frå Roxy Musicgitar, Brian Eno, òg tidlegare Roxy Music, på tangentar og vokal, Bill MacCormick frå Quiet Sun og Matching Mole på bass og vokal, Francis Monkman frå Curved Air på tangentar, Simon Phillips på trommer og Lloyd Watson på slide-gitar og vokal.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1976 var Roxy Music oppløyst ein periode og 801 kom saman for eit kortvarig prosjekt om lag tre veker før deira første konsert. Namnet på bandet vart teke frå songen «The True Wheel» av Brian Eno på albumet hans Taking Tiger Mountain (By Strategy) frå 1974. Refrenget på denne songen er «We are the 801, we are the central shaft». 801, eller «Eight Nought One», dannar òg eit akrostikon av namnet Eno.

801 spelte tre kritikarroste konsertar i Norfolk, på Reading Festival og ein siste konsert 3. september 1976 i London. Den siste konserten vart spelt inn for eit konsertalbum kalla 801 Live. Songane bestod hovudsakleg av songar frå album av Manzanera, Eno og Quiet Sun, samt ein omarrangert versjon av Beatles-songen «Tomorrow Never Knows» og The Kinks sin «You Really Got Me».

Albumet vart gjeve ut midt under punkrock-revolusjonen i Storbritannia og selde ikkje særleg bra her, men ganske bra elles i verda. Det fekk særs god kritikk, både for framføringa og for den banebrytande lydkvaliteten. Liveinnspelinga var banebrytande fordi det var første gong alle mikrofonar, forsterkarar og instrument vart ført direkte inn i miksepulten i staden for at lyden vart fanga opp av mikrofonar føre høytalarane i lokalet.

I 1977 håpte bandet på å følgje opp suksessen med 801 Live og spelte inn albumet Listen Now med muskaren Tim Finn frå Split Enz, men utan Lloyd Watson. Etter albumet kom ut kom 801 saman igjen for å promotere det nye albumet med ein liten turné. Konserten frå Manchester University vart gjeve ut på albumet 801 Manchester i 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]